Deprimerte og bekymra tenåringsjenter følte seg betre etter berre nokre månader med dansetimar, heilt utan hjelp frå psykologar.

mm

Svenske forskarar viser no at dans utan press om framsyningar eller kor flink ein er, kan hjelpa tenåringsjenter som slit med tilløp til depresjon. Det skriv Forskning.no.

Jenter som dansa følte seg betre, både mens dei dreiv på med dans og i månadsvis etterpå. Heile ni av ti av dei enda opp med å sjå på dansetimane som ei positiv oppleving.

Forskarane frå Örebro i Sverige rekrutterte 112 jenter på mellom 13 og 18 år, som alle hadde vitja helsesøster på skulen fordi dei var deprimerte, bekymra, trøytte, eller hadde litt ubestemmelig verk i nakke og skuldrer. Jentene vart delt opp i to grupper. 59 av dei fekk to dansetimar i veka, medan dei attverande 53 jentene ikkje dansa. Jentene fekk prøva seg på blant anna afrikansk dans, jazz og moderne.

Etter åtte månader viste det seg at dei dansande tenåringane vurderte si eiga helse og velvere som betre enn den ikkje-dansande gruppa, og betre enn før dei byrja å danse. Forbetringa haldt seg dessutan utover i oppfølgingsperioden, som varte i totalt 14 månader etter at timane var slutt.

Forskarane trekkjer fram det sosiale som ei årsakene til at dansetimane ser ut til å ha fungert, ifølgje forskning.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE