Quiz til 17. mai-frukosten
Her kjem 20 spørsmål fordelt på fem kategoriar til 17. mai-frukosten. Her har me blanda popkultur, internett, samfunn, historie og musikk. Klar, ferdig, quiz!

Ynskjer du å printe ut og dele ut?
Det er 1 poeng for rett svar, så her må alle namn, titlar og artistnamn vere med for å få poeng.
Popkultur og kjendisar
- Kven vann Spellemannprisen for årets låt 2024?
- Kva heiter den amerikanske fotballspelaren (NFL) som i 2023 blei verdskjendis som kjærasten til Taylor Swift?
- Kva artist/band vann den norske Melodi Grand Prix-finalen og representerte Noreg i Eurovision Song Contest i 2024?
- «Barbenheimer» var eit unikt filmfenomen sommaren 2023. Kva to kinofilmar var involverte?
- Kva for ein film vann Oscar for Beste film 2024, under utdelinga i mars 2025?
Internett og teknologi
-
Kva populært sosialt medium skifta namn til X i 2023?
-
Kva står forkortinga «NPC» for, som ofte blir brukt i gaming og på TikTok?
-
Kva for ei plattform har kategoriar som «Am I The Asshole?», «Today I Learned» og «Ask Me Anything»?
-
KrF vil innføre aldersgrense for å kjøpe smarttelefon. Kva aldersgrense føreslår dei?
-
Kva er namnet på den digitale valutaen som er den første og mest kjende kryptovalutaen?
Samfunn og politikk
- Kven blei i februar 2025 ny finansminister i Jonas Gahr Støre si nye regjering?
- Kven vart visepresident under president Donald Trump i hans andre periode?
- Kven står bak klimasøksmålet som er oppe i retten våren 2025?
- Kva alder vil Unge Høgre senke den kriminelle lågalderen til?
- Kva europeisk land gjorde Pride-markeringar forbode i mars 2025?
17. mai og noregshistorie
- Kva år fekk kvinner i Noreg full stemmerett?
- Kva farge har tradisjonelt russebuksene til elevar som går på utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk på vidaregåande skule?
- I kva år blei unionen mellom Noreg og Sverige offisielt oppløyst?
- Kva er dei to viktigaste ingrediensane i marengsen i pavlova?
- Fullfør denne tekstlinja: «Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem, furet, værbitt over vannet…»
Fullfør teksten i songen:
1. «Dance Monkey» av Tones and I:
So they say, dance for me, dance for me, dance for me, oh-oh-oh
I’ve never seen anybody do the things you do…
2. Ballinciaga & David Mokel – «Dans på bordet»:
Mi amor, danser for seg selv Og alle boys vil….
3. Billie Eilish – «What Was I Made For»:
Think I forgot how to be happy
Something I’m not, but…
4. Emma Steinbakken – «Jeg glemmer deg aldri»
Nå drar du din vei
Men jeg glemmer deg aldri
Jeg tror det….
FASIT PÅ QUIZEN
Popkultur og kjendisar
- Kven vann Spellemannprisen for årets låt 2024?
-
Kygo + Ava Max – Whatever
-
- Kva heiter den amerikanske fotballspelaren (NFL) som i 2023 plutseleg blei verdskjendis som kjærasten til Taylor Swift?
- Travis Kelce
- Melodi Grand Prix 2024: Kva for eit band vann den norske finalen og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2024?
- Gåte
- «Barbenheimer» var eit unikt filmfenomen sommaren 2023. Kva to kinofilmar var involverte?
- Oppenheimer og Barbie
- Kva for ein film vann Oscar for Beste film 2024, under utdelinga i mars 2025?
- Anora
Internett og teknologi
-
Kva populært sosiale medium gjennomgjekk ei stor omprofilering og skifta namn til X i 2023?
-
Kva står forkortinga «NPC» for, som ofte blir brukt i gaming og på TikTok?
- Non Player Character
-
Kva for ei plattform har kategoriar som «Am I The Asshole?», «Today I Learned» og «Ask Me Anything»?
-
KrF vil innføre aldersgrense for å kjøpe mobiltelefon. Kva alder skal grensa gå på ifølge dei?
- 13 år
- Kva er namnet på den digitale valutaen som var den første og framleis mest kjende kryptovalutaen?
- Bitcoin
Samfunn og politikk
-
Kven blei ny finansminister i Noreg i februar 2025, i Jonas Gahr Støre si ommøblering av regjeringa?
- Jens Stoltenberg
-
Kven vart visepresidentvalet i USA 2024 og tiltredde som visepresident i januar 2025 saman med president Donald Trump?
- J.D. Vance
-
Kven står bak klimasøksmålet som er oppe i retten våren 2025?
- Greenpeace og Natur og Ungdom
-
Kva alder vil Unge Høgre senke den kriminelle lågalderen til?
- 13 år
- Kva europeisk land gjorde pride-markeringar forbode i mars 2025?
- Ungarn
17. mai og noregshistorie
- Kva år fekk kvinner i Noreg full stemmerett på lik line med menn?
- 1913
- Kva farge har russebukser for elevar som går på utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk på vidaregåande skule?
- Svart
- I kva år blei unionen mellom Noreg og Sverige offisielt oppløyst?
- 1905
- Kva er dei to viktigaste ingrediensane i marengsen i pavlova?
- Eggekvite og sukker
- Kva er resten av denne tekstlinja frå første vers i «Ja, vi elsker dette landet»: «som det stiger frem, furet, værbitt over vannet…»
- med de tusen hjem
Fullfør teksten i songen:
1. Tones and I – «Dance Monkey»:
So they say, dance for me, dance for me, dance for me, oh-oh-oh
I’ve never seen anybody do the things you do…. before
2. Ballinciaga & David Mokel – «Dans på bordet»:
Mi amor, danser for seg selv Og alle boys vil….bli med henne hjem
3. Billie Eilish – «What Was I Made For»:
Think I forgot how to be happy
Something I’m not, but…something I can be
4. Emma Steinbakken – «Jeg glemmer deg aldri»:
Nå drar du din vei
Men jeg glemmer deg aldri
Jeg tror det….tar sin tid før jeg får fred