Dansar seg gjennom gymtimane
– Me ynskjer å lære elevane folkedans, seier instruktør og frikar Bjørnar Heimdal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For andre onsdag på rad fekk elevar ved Vest-Telemark vidaregåande skule vere med på dansen.
– Det er viktig å føre tradisjonar vidare. No reiser me rundt til vidaregåande skular og lærer dei folkedans. Dette er eit treårig prosjekt som starta sist haust, og me skal halde fram utover våren med fleire besøk ved skular, helgesamlingar og lokale øvingar. Me gjer dette for å styrke folkedansen frå Telemark, forklarer prosjektleiar Ingrid Heieren om prosjektet som heiter «Bygda dansar i Telemark».
Treårig prosjekt
Det er Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff-senteret) i Trondheim som står bak prosjektet.
– I dag blir det å repetere det elevane lærte førre veke, og så skal me utvide og lære litt nytt også. Det er passande å bruke gymtimar til dette for det er fysisk krevjande og veldig god rørsle- og balansetrening. Me skal bruke litt frå Hallingdansen i dag, og då blir det fart på sakene. Det var fleire som nemnde at dei var stive og støle i beina etter førre gong, smiler instruktør og prosjektmedarbeidar Bjørnar Heimdal.
Det er elevar i 1. og 2. klasse som går på studiespesialiserande og har breiddeidrett som er på plass i Tokkehallen. På plass er også felespelaren Åsmund Fauske frå Gol i Hallingdal.
Rekruttering og bevaring
– Me kan vel kalle skulebesøka ein rekrutteringsturné, men me har ingen ambisjonar om at alle blir med vidare. Dette er ei innføring i folkedansens krumspring, ein liten smakebit, og kanskje er det nokon som har lyst til å lære meir etter kvart. Nye rundar utover våren og hausten gjev fleire sjansen, seier Heimdal som er frå Numedal.
– I dag skal me lære litt om gangar, runddans og me skal lære å mjølke bjønnen, legg han til.
– Mjølke bjønnen?
– Vent og sjå, svarar han.
Annleis gymtime
Elevane skal bruke tre skuletimar på prosjektet denne dagen, og lærarane Mona S. Seltveit og Erling Carlsen er båe godt fornøgde med måten å bruke gymtimane på.
– Dette er ei avveksling og det blir ei anna form for fysisk trening. Å danse er veldig sosialt, og eg trur elevane har godt av å kome litt nærare innpå kvarandre. Nokon er sjenerte, men her må dei tore å ha litt fysisk kontakt. Me har overvekt av jenter i klassene, og eg trur nok denne aktiviteten er noko dei set pris på, seier Carlsen.
– Venstre, høgre, venstre – høgre, venstre, høgre – latti, datti, di, – ditti, ditti, da, forklarer instruktøren slik at elevane skal finne rytmen.
Skikkeleg tak
– Og så må de ikkje vere redde for å ta eit skikkeleg tak rundt jenta. Gjer de ikkje det klarer de ikkje å svive ho rundt heller. Kom igjen no, held han fram.
Det er reinlendar elevane dansar, og mange er rett så flinke, medan andre naturleg nok strevar litt meir med å finne rytme og trinn.
– Det er ikkje akkurat noko eg driv på med heime på kveldstid, smiler Knut Momrak frå Fyresdal.
– Nei, det var litt vanskeleg, legg Margrethe L. Lyngdal frå Bandakslid til.
– Men det er moro då, seier fleire av dei andre elevane fornøgde.
Så var det tid for å mjølke bjønnen. Det betyr å setje seg på golvet med eit kosteskaft bak knehasane, armane under skaftet og så halde seg i øyro med fingrane. Poenget er å kome seg på beina utan i sleppe taket i øyro og utan å miste kosteskaftet.