Belgisk ølkultur og cubansk rumba får status som verdsarv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Øl og dans blir verdsarv

FN-organet skriv i avgjerda si at den cubanske rumbadansen framkallar «sensualitet og glede» og slår samtidig fast at det å «brygge og nyte øl er del av den levande kulturarven i Belgia». Belgia har over 1.500 forskjellige øltypar.

Den cubanske delegasjonen på Unesco-forsamlinga i Etiopias hovudstad Addis Abeba dedikerte rumba-utnemninga til revolusjonshelten Fidel Castro, som døydde fredag. Unesco skriv at rumba vaks fram frå fattige lokalsamfunn der dansen er eit «uttrykk for motstandskraft og sjølvrespekt».

Lista over immateriell kulturarv blei oppretta i 2008 og har no over 400 oppføringar. Så langt er ingen norske kulturelle uttrykk oppført. Men det treng ikkje vara så lenge.

Torsdag ettermiddag skal Unesco-forsamlinga handsama eit forslag om å gjera bygging og bruk av den norske oselvaren til ein del av den immatrielle verdsarva.

Det norske bidraget er nominert til den prestisjetunge Beste praksis-lista, der berre tolv bidrag ligg inne frå før. Dersom oselevar-kulturen blir ein del av denne lista, blir det det første nordiske bidraget på lista.

Belgium beer
Duvel er ein av dei kjende belgiske ølsortane. Foto: pelican / Flickr / CC BY-SA