Muslimske hip-hoparar vil bryta fordommar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dansar hip-hop i niqab

Dansegruppa We’re Muslim Don’t Panic (WMDP) har fått mykje mediemerksemd på grunn av sine scenekostymer.

Dansetrioen, som vart starta av den amerikanske muslimen Amirah Sackett i 2011, dansar nemleg hip-hop i niqab – plagget muslimske kvinner bruker for å dekkja alt unnateke augo.

Sjå videoen her:

Med seg på scena har Sackett dansarane Iman og Khadijah.

Sackett forklarar sjølv at ho laga stykket for å setja fokus på islam, muslimar og fenomenet hijab. Fordi folk har mange spørsmål om kva hijab er og kvifor muslimske kvinner går med det.

Hijab referer både til sjalet rundt hovudet og ein måte å kle seg tekkjeleg på.

– Me er i ein veldig turbulent periode i historien, når det kjem til islam. Så det er mykje misforståingar der ute, kulturelle praksisar i ulike land, som gjer det veldig forvirrande for ikkje-muslimar, seier Sackett i ein tre år gamal Vimeo-video

Dansaren meiner hijab får mykje merksemd på begge sider. Ho dreg fram korleis Taliban har brukt klesdrakta for å kontrollere kvinner I Afghanistan. På den andre sida er Frankrike, som i 2004 innførte eit forbod mot religiøse markørar, som hijab, i skulen.

– Du kan ikkje gå i niqab i Frankrike. Du kan gå i miniskjørt, du kan gå i bikini. Du kan vise så mykje du vil, men me let deg ikkje dekkja deg til slik du vil.

Til Bust erkjenner Sackett at det er kvinneundertrykking i den muslimske verda, men dette meiner ho at ikkje er eit særeigent muslimsk problem.

– Eg vil berre at folk skal få eit anna syn på islam. Eg håpar alle likar We’re Muslim Don’t Panic og at det får deg til å endra litt meining, avsluttar ho.

Her dansar gruppa dansar i ein musikkvideo frå Brother Ali, som òg står bak musikken i det øvste klippet.