Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er depresjon? Kvifor får ein eigentleg depresjon, kva for nokre endringar skjer i hjernen, og korleis kan verda sjå ut for ein som er deprimert?

Rundt 10 prosent av Noregs befolkning lir i dag av behandlingstrengande depresjon, men delen som kjenner på symptom på depresjon er truleg 2-3 gonger høgare. Sjansen for å få depresjon er dobbelt så stor for kvinner samanlikna med menn, kor opp til 25 prosent vil ha bruk for behandling for ein depresjon i løpet av livet. Dei siste ti åra har førekomsten av depresjon auka. Verdas helseorganisasjon (WHO) reknar med at i løpet av dei 20 neste åra vil depresjon vere blant dei to mest økonomiske belastande sjukdomane for samfunnet vårt.

Som regel kjem depresjon av fleire komplekse og samansette grunner. I dag kjenner vi ikkje til alle årsakene til depresjon, men genar, hormon, kroppslege sjukdomar og langvarig stress spelar viktige rollar. Fødselsdepresjon, som rammer frå 3.000 til 9.000 norske kvinner årleg, er eit godt døme på korleis hormonendringar kan utløyse depresjon. Vi har også sett at depresjon oftare rammer personar som bur i byen, har låg utdanning og misbrukar alkohol eller andre rusmiddel.

Samanlikna med dei fleste kroppslege sjukdomane, veit vi veit lite om endringane som skjer ved depresjon. Grunnen til dette er fordi hjernen er kompleks, med mange milliardar kjemiske reaksjonar som er med på å bestemme humøret ditt og korleis du opplever livet. Difor er det sannsynlegvis fleire grunner til depresjon enn dei vi kjenner til i dag.

Ei endring vi derimot har sett ved fleire tilfelle, er ein mangel på nokre små kjemiske bodbringarar i hjernen, kalla «nevrotransmittarar». Til ei kvar tid gjev desse beskjedar mellom hjernen sine fleire milliardar nerveceller, ikkje ulikt måten straum går gjennom leidningar.

Nevrotransmittarar er små kjemiske budbringare i hjernen som beveg seg mellom nerveceller på same måte som straum beveg seg i leidningar. Foto: GFYcat.com

Enkelt forklart kan ein seie at «straumen» i hjernen går saktare hjå menneske i depresjon, som kan føre til fleire av symptoma dei opplever. Nyare forsking viser at ved depresjon blir eit område i hjernen, kalla «hippocampus», redusert i gjennomsnitt med 10 prosent. Dette kan føre til konsentrasjonsproblem og nedsett hukommelse, og hjå mange kan desse endringane framleis vere til stades sjølv etter dei blir friske.

Å vere deprimert betyr ikkje berre at ein føler seg litt trist eller nedfor. Dette er ei kjensle av å vere nedstemd som varer over ein lang periode, og kan påverke søvn, appetitt, jobb og sosiale relasjonar. Det kan variere frå milde til alvorlege symptom med konkrete planar om sjølvmord. Det er stor skilnad på korleis ein opplever ein depresjon og korleis ein uttrykker det. Kvinner kan ofte føler seg veldig triste og reagerer med å trekkje seg tilbake. Menn kjenner oftare på mangel på glede, og kan reagere med aggresjon eller irritasjon mot andre.

Heldigvis finst det god behandling mot depresjon som til dømes samtaleterapi og elektrosjokk. På same måte som kroppslege sjukdomar kan også depresjon bli behandla med medisinering. Anti-depressiva, som også blir kalla for «lykkepilla», er eit samleomgrep på medisinar som blir brukt mot depresjon.

Men desse medisinane fører korkje til at du blir oppstemd eller lykkeleg. I staden er dei med på å normalisere humøret og stemningsleiet. Anti-depressiva aukar nemleg talet nevrotransmittarar i hjernen – det som ein reknar med er årsaka til depressive lidingar. I tillegg ser det ut til at anti-depressiva set i gang produksjonen av nye nerveceller, slik at dei innskrumpa områda i hjernen blir bygd opp igjen. Dermed kan anti-depressiva både hjelpe på symptom ved depresjon og forhindre langsiktige plager.

Diverre er det altfor få som søker hjelp for depresjon i dag – berre éin av ti, ifølgje ein norsk studie. Mange tenkjer kanskje at dette er plagar dei skal slite med på eiga hand. Nokon føler seg kanskje «svake», medan andre kanskje ikkje vil bli assosiert med det å ha ei psykisk liding.

Men depresjon er faktisk ein sjukdom. Og på lik linje med astma, diabetes og andre kroppslege sjukdomar kjem symptoma av endringar eller forstyrringar i funksjonane til kroppen.

Kult om kroppen

I denne spalta deler lege Malin Bu Solgård noko av dei mest interessante tinga ho har lært om kropp og helse.