– Ungdom fortener ein eigen helsestasjon

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdom treng ein helsestasjon, der dei møter folk dei kjenner seg trygge på, og som dei kan kome tilbake til.

Slik helsa Tore Holte Follestad frå Sex og samfunn Ørsta kommune, Volda kommune, Høgskulen i Volda og ikkje minst ungdommen i dei to kommunane då Helsestasjonen for ungdom vart nyopna i nye lokale på Øyra skule onsdag ettermiddag.

Den nye helsestasjonen er heilt spesiell. Ikkje berre er det ein interkommunal helsestasjon for Ørsta og Volda, men det er også ein helsestasjon der studentane ved Høgskulen i Volda kan kome. Tidlegare har studentane og ungdommane elles hatt kvar sine tilbod. Men med å samordne aktivitetane har helsestasjonen no open to gonger i veka, og med to helsesøstrer til stades kvar opningsdag. I tillegg er det lege til stades på tysdagane.

Kjenne seg trygge

Tore Holte Follestad var henta frå Oslo for å vere med på opninga. Han understreka det som er intensjonen med helsestasjonen med ungdom. Her kan ungdom kome med sine problem og spørsmål, i ei ramme der dei kjenner seg trygge.

Seksjonsleiar Knut Åmås i helse og velferd i Ørsta kommune sa det slik:

– Ungdom treng andre vaksenpersonar enn foreldra å halde seg til, og kjenne seg trygge på.

Opninga vart markert symbolsk med at representantar frå høgskulen, kommunane, Studenttinget og ungdomsråda knytte band.

Les saka i Møre-Nytt!