Noreg får FN-kritikk for ekskluderande undervising

FNs barnekomite kritiserer Noregs behandling av elevar med funksjonsnedsettingar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 17.06.2018 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barnekomiteen har nyleg vurdert korleis Noreg oppfyller forpliktingane i Barnekonvensjonen. Tilrådingane kom i førre veke. Komiteen rettar kritikk mot undervisinga til elevar med funksjonsnedsettingar i norsk skule.

Komiteen ber blant anna Noreg om å sikra at utdanninga vert meir inkluderande, meir tilpassa og av betre kvalitet. Vidare skriv komiteen at inkludering i klasserommet må prioriterast over spesialskolar og undervising utanfor klassen. Samstundes må den spesialpedagogiske kompetansen og støtta i klasserommet styrkast.

Mange fell utanfor sosialt og fagleg

– Det er veldig bra at Barnekomiteen kjem med så tydelege tilrådingar om inkluderande undervising. Segregering i skulen fører til at mange elevar med funksjonsnedsettingar fell utanfor både fagleg og sosialt, seier generalsekretær i Unge funksjonshemmede, Synne Lerhol i ei pressemelding.

Tilrådingane kjem etter ein omfattande prosess, der staten har rapportert om status for rettane til barn i Noreg. Staten var på munnleg høyring i komiteen 23.–24. mai.

– No må Noreg følgja opp. Barnekonvensjonen føreset tett samarbeid med organisasjonar som representerer barn og ungdom. Vi håpar regjeringa bruker høvet til å gjera norsk skule meir inkluderande, i samråd med brukarorganisasjonane, seier Lerhol.

Åtvarar mot å fjerna retten til spesialundervising

Både FFO og Unge funksjonshemmede åtvarar mot å fjerna retten til spesialundervisning, slik ei ekspertgruppe nyleg føreslo.

– Dette meiner vi vil føra til ein skule med dårlegare kvalitet som ikkje sikrar borna god opplæring som dei har krav på etter lova, seier generalsekretær i FFO, Lilly Ann Elvestad.

Komiteen ber òg Noreg om å forbetra det fysiske tilgjenget i norske skular. Svært mange nærskular er ikkje universelt utforma.