Vil fjerne lovfesta rett til spesialundervisning

Unge funksjonshemma er bekymra for følgene når eit ekspertutval i ein ny rapport vil fjerne retten til spesialundervisning.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I februar 2017 vart det på oppdrag frå frå Kunnskapsdepartementet oppretta ei gruppe som skulle vurdere tilbodet til barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging i barnehage, grunnskole og videregåande opplæring. Bakgrunnen var at det eksisterande tilbodet ikkje var tilfredsstillande for denne gruppa av barn og unge i norsk barnehage og skole.

I dag mottok kunnskapsminister Jan Tore Sanner ekspertutvalet sin rapport
om tilbodet til barn og unge med behov for særskild tilrettegging i barnehage og skole. Rapporten viser ei rekke utfordringar ved dagens spesialundervisning.

Organisasjonen Unge funksjonshemmede er einige i at det finst problem, men er ikkje nøgde med alle forslaga.

Vil fjerne den lovfesta retten til spesialundervisning

Eit av råda frå ekspertutvalet er å fjerne den lovfesta retten til spesialundervisning.

– Det er ei misforståing at å fjerne retten til spesialundervisning vil gi elevar med nedsett funksjonsevne betre undervisning. Det vil vere eit feilsteg av regjeringa å følge tilrådinga. Elevar med nedsett funksjonsevne treng at kvaliteten på spesialundervisninga blir heva, seier styreleiar i Unge funksjonshemmede Camilla Lyngen i ei pressemelding.

Unge funksjonshemmede støttar utvalet sitt forslag om å sikre lærarar auka kompetanse, og at elevar med behov for særskild tilrettelegging skal ha rett til lærarar med godkjent pedagogisk utdanning.

– Dette er gode tiltak, som kan bidra til å oppfylle retten til spesialundervisning. Eleven sin rett til god spesialundervisning må styrkast, ikkje svekkast. Forslaget om å fjerne retten til spesialundervisning vil få alvorlege konsekvensar. Å kjempe mot dette blir ei av våre hovudsaker fremover, seier Lyngen.