64 prosent fullfører ikkje vidaregåande

Frode Grimelid
Publisert
Oppdatert 08.04.2018 16:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var 16 då eg hadde mitt første møte med NAV. Då fekk eg beskjed om at dei rekna med eg ville bli uføretrygda då eg vart atten.

Det seier Henriette Nielsen. 28-åringen er leiar for Norges Handikapforbunds Ungdom og skal sitte i Høgre sitt nye utval for politikk som vedkjem menneske med funksjonshemming.

Under Høgre sitt landsmøte denne helga, skal Nielsen sitte i eit panel med helseminister Bent Høie og samtale om utfordringar og løysingar.

Ho vil utfordre han til å følge opp slagordet om «like moglegheiter for alle» gjennom trygg inntektssikring for dei som ikkje kan jobben, men minst like viktig: like sjansar for å komme seg inn i arbeidslivet.

Ønsker haldningsendring

Utdanning er heilt nødvendig for å nå eit slikt mål, då er det ikkje godt nok at 64 prosent av unge med funksjonshemmingar droppar ut av vidaregåande.

Nielsen meiner det er mykje som kan gjerast. Først vil ho bli kvitt haldninga ho sjølv vart møtt med som 16-åring.

– Ei slik tilbakemelding gjer noko med motivasjonen, og det er ikkje ei uvanleg melding å få.

Ho meiner også at undervisningstilbodet må endrast. På vegen frå barneskulen til vidaregåande blir mange med funksjonshemming tatt ut av ordinær undervisning. Tilbodet dei får utanfor klasserommet, er ifølge Nielsen langt frå godt nok.

Henriette Nielsen meiner funksjonshemma elevar må få eit reelt utdanningstilbod. Då trengst det fleire lærarar med rett kompetanse. Foto: Frode Grimelid

– Vi kan ikkje utdanne folk til vaffelsteiking. Eg vil utfordre regjeringa på å sikre nok speisialpedagogisk kompetanse, slik at ufaglærte assistentar ikkje må stå for gjennomføringa. Og funksjonshemma må så lenge som mogleg få følge ordinær undervisning, seier ho.

– Fleire spesialpedagogar kan ta tid, finst det umiddelbare tiltak ein kan sette i gang?

– Kanskje vi som ei overgangsløysing kan sette inn lærarar? Og kanskje kan dette vere ei rolle vi kan rekruttere tilbake nokre av alle dei lærarane som har slutta i skulen? føreslår Nielsen.

– Fulltidsjobb å handtere staten

I tillegg til endringar i skulen, meiner Nielsen at dei ulike tenestene som funksjonshemma nyttar seg av må samordnast. I dag risikerer ein å ha ulik sakshandsamar for kvar einaste teneste.

– Det er nesten ein fulltidsjobb berre å handtere det offentlege, seier ho.

– Trur du ikkje det er meir effektivt at sakshansdamarane spesialiserer seg?

– Eg ønsker meg ein koordinator som handterer dei ulike etatane. Om vi skal ha unge funksjonshemma i arbeid, må dei ha tid til å studere. Det vil lønne seg på sikt, seier Nielsen og peikar på at svært mange står utanfor arbeidslivet.

Den siste statistikken frå SSB viser at 57 prosent av menneske med funksjonshemming står utanfor arbeidslivet. Av desse er 24.000 registrerte som arbeidsledige, noko som gir ei arbeidsledigheit på 3,9 prosent, men langt fleire ønsker å jobbe. I ein SSB rapport frå i fjor, svarar kvar fjerde funksjonshemma utan arbeid at dei ønskte å komme i arbeid. Det svarar til 91.000 personar.

Nielsen brukar mykje tid på frivillig arbeid, men også politikk. Når ho prioriterer dette, er det fordi ho meiner det er viktig at funksjonshemma blir høyrde også i partipolitikken.

– Mange funksjonshemma er aktive i interesseorganisasjonar, men ikkje i parti. Vi må vere meir synlege, og då må vi stille opp. Eg vil vise Høgre at fleire med funksjonshemmingar må sleppe til i ordinær politikk, seier ho før panelsamtalen ho skal delta i.

5 prosent av nytilsette

Bent Høie er travelt opptatt med Høgres landsmøte då Framtida.no tar kontakt. Han kjem med følgande kommentar før han skal i samtale med Nielsen:

Helse- og sosialminister Bent Høie. Foto: Nordforsk/Flickr/CC-lisens.

– Eg ser fram til ein god panelsamtale om eit veldig viktig tema. Høgre og regjeringa sin visjon er eit samfunn der alle kan delta. Funksjonshemma møter framleis barrierar som hindrar like moglegheiter, skriv Høie i ein epost.

Han peikar på tilrettelegging i arbeidslivet som løysingar regjeringa ser på. Mellom anna vil ha styrke ordninga med funksjonsassistentar og vil auke bruken av personlege tilrettelegginsavtalar.

– Vi har sett som mål at minst fem prosent av nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller «hol i CVen».