Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 20.10.2018 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2016 sleppte kvar nordmann ut 8,6 tonn CO2. Snittet i verda ligg på 4,8. India ligg heilt nede på 1,8 per person.

Den vesle oljestaten Qatar tronar øvst på lista med 47,8 tonn. Det kjem fram i Global Carbon Budget 2017.

Viss me skal nå klimamåla må desse utsleppa senkast kraftig. Det norske selskapet Chooose tar sikte på nettopp det. Dei vil endåtil la deg bli klimapositiv.

For 49,– i månaden kan du kutta 917 kilo CO2. Det blir 11 tonn i året. Chooose nyttar pengane til å kjøpa klimakvotar i FN og EU sine kvotesystem. Deretter blir kvotane sletta. Målet er at det skal bli færre kvotar på marknaden, og at prisen på CO2 slik skal auka.

Slik fungerer kvotesystemet

Nær halvparten av bedriftene i EU er nemleg «kvotepliktige». Det gjeld kraftprodusentar, industri, og luftfart.

Kvart år får desse bedriftene tildelt ei viss mengd gratiskvotar. Resten av utsleppa sine må dei dekka ved å kjøpa kvotar på marknaden. Framover skal delen gratiskvotar senkast, slik at bedrifter må kjøpa desto fleire kvotar på marknaden.

Prisen på kvotar kollapsa frå 2009 av grunna finanskrisa: Dårleg økonomi førte til lågare produksjon, og eit enormt overskot av kvotar.

Dermed blei det i praksis gratis å forureina igjen.

Nå er prisen igjen på veg opp. Frå om lag fem euro for ein utsleppskvote (retten til å sleppe ut eitt tonn CO2) i fjor, er prisen nå tredobla. Framover spår ein at prisen raskt vil auka.

I november i fjor vedtok EU store innstrammingar i kvotemarknaden, og ei storstilt sletting av kvotar. Det er med på å driva prisen oppover.

Dyrare kvotar gjer det dyrare for bedrifter å forureina. Desto meir lønnsamt blir det å legga om til grønare produksjon.

Ingen moderne avlatshandel

– Men det er framleis for mange kvotar på marknaden til å friskmelde EUs kvotesystem, seier medgründer i Chooose Andreas Slettvoll.

Likevel er det god stemning hos Chooose om dagen. For det er nettopp høgare pris på CO2 selskapet forsøker å oppnå.

Andreas Slettvoll er medgründer i Chooose. Foto: Chooose AS

– For nokre månadar sidan kjøpte vi EU-kvotar som svarar til tusen tonn CO2-utslepp.

– Dokker er ikkje redde for at folk nå får så god klimasamvit at dei flyr desto meir?

– Vi opplever det stikk motsette. Brukarane våre er til dømes ikkje fornøgd med kor mykje dei må fly i jobbsamanheng.

– Men vi har endå ikkje høyrt om folk som kjøper kvotar for å forsvare å dra til Thailand, fortel Slettvoll.

Ein moderne form for avlatshandel har selskapet ikkje lyst til å bli.

– Chooose er eit tillegg til det ein kan gjere sjølv. Det er ganske sentralt at folk ikkje blir kunder hos oss, for så å gi beng i alt anna, påpeikar Slettvoll.

Er effekten reell?

Jørgen Wettestad ved Fridtjof Nansens Institutt forskar på blant anna EUs kvotesystem. Han er einig i at det er for tidleg å friskmelda kvotesystemet. Og når det kjem til private kvotekjøp, skal det mykje til for å oppnå ein reell effekt, seier han.

Jørgen Wettestad er forskar ved Fridtjof Nansens Institutt. Foto: Fridtjof Nansens Institutt

– Ein skal opp i eit ganske stort volum før det får ordentleg påverknad.

– Chooose skriv at dei har kjøpt og sletta kvotar tilsvarande over 60 000 tonn CO2?

– Ja, då begynner det å monna, medgir Wettestad.

Han påpeikar at effekten på kvoteprisen likevel er avgrensa når ein samanliknar med andre grep, slik som sletting av gratiskvotar og andre innstrammingar i kvotemarknaden.

– Men for samvitet har det utvilsamt ein effekt, understrekar han.

Zero vil ikkje anbefale kvotekjøp

Jon Evang frå miljøstiftinga Zero er samd i at effekten av kvotekjøp føreset eit stort volum og ein fungerande kvotemarknad.

– Ein kan tenke seg at dersom ein kjøper og sletter veldig mange kvotar så vil det bidra til at kvoteprisen auker såpass mykje at det vil kunne få ein effekt. At bedrifter dermed må omstille seg og setta i verk klimatiltak raskare.

Jon Evang er kommunikasjonssjef i miljøstiftinga Zero. Foto: Zero

Men ettersom EU planlegg å stramma inn i kvotemarknaden, vil storstilt kjøp og sletting også kunne føra til at prisauken skjer for fort.

Då får ikkje industrien tid til å omstilla seg, og ein risikerer såkalla «karbonlekkasje» – at industrien flytter produksjonen ut av EU. Derfor følger EU og andre institusjonar kvoteprisen tett, påpeikar Evang.

– Dette er eit komplisert bilde, og kvotekjøp eit usikkert verkemiddel. Kvotesystemet regulerer dessutan berre kvotepliktig sektor – altså industrien og kraftproduksjon.

Av Norges samla klimagassutslepp kjem rett under halvparten frå kvotepliktig sektor.

– Eg vil heller anbefale å velje meir konkrete løysingar. Støtt ein klimaorganisasjon, invester i grøne fond og fornybare prosjekt. Bytt til elbil, og få bedrifta di til å gjere det same, oppmodar Evang.