Elektriske vegar kan gi stor klimaeffekt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskingsprosjektet «Elektriske infrastruktur for godstransport» konkluderer med at klimagassutsleppa frå den tunge godstransporten kan kuttast med 65 prosent innan 10 år viss ein byggjer elektriske vegar.

– Saman med andre nullutsleppsalternativ, som hydrogen, rein batteridrift eller biodrivstoff, er elektrisk veg eit alternativ for å redusere utslepp frå tungtransporten, seier prosjektleiar Tom E. Nørbech i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Hastar å finna klimavenlege løysingar

Fram mot 2050 er det venta at godstransporten på veg aukar med 95 prosent. Nørbech meiner difor det hastar å finne gode, klimavenlege løysingar.

– Vurdert ut frå kjente teknologiar, ser det ut til at elektrisk veg er den rimelegaste teknologien, dersom det er meir enn 700 tunge køyretøy i døgnet, seier han.

Strekningane Oslo–Kristiansand, Oslo–Svinesund og Oslo–Trondheim er døme på det. Analysen av nytte og kostnad viser at den samfunnsøkonomiske rekneskapen kan gå opp med dei trafikktala som er venta i Sør-Noreg for tiåra framover.

LES OGSÅ: Ferjefri E39 kraftig forseinka

Har brukt E39 som case

Prosjektet ELinGO har brukt E39 som case, men meiner konseptet er relevant for vegar over heile landet. Eit demonstrasjonsprosjekt er tenkt knytt til prosjektet ferjefri og utbetra E39. Men eit slikt prøveprosjekt krev store investeringar i både infrastruktur og køyretøy, heiter det i rapporten.

Ei anna utfordring er at fleire aktørar må samarbeider for å få det til.

– Ulike aktørar i systemet har ulike oppfatningar av teknologi og forventa teknologiutvikling, ulike interesser og ulik forståing av problem, utfordringar og løysingar, står det i oppsummeringa av konseptanalysen. (©NPK)

LES OGSÅ: Posten kjøper Tesla-trailer