Der ingen kan bu

Tuva Widskjold og Idunn Lavik i Changemaker
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

ARNE ER KANSKJE den fyrste i Noreg som forlet hus og heim på grunn av klimaendringar, men i verdssamanheng er ikkje situasjonen hans unik. Kvart einaste år må 25 millionar menneske flykte på grunn av klimaendringar, fordi det ikkje lenger er mogleg å bu der dei bur. Det kan skje i løpet av få minutt, ved at heimen vert øydelagd av ein orkan eller ein storflaum. Klimaendringane har ført til at desse er hyppigare og verre enn nokonsinne.

Arne Manger er bonde på Radøy. Våtare og villare klima har gjort det så tøft å vere bonde at han sel slektsgarden og blir klimaflyktning. FOTO: SIRI LØKEN / NRK

ELLER DET KAN skje over tid, slik som med Arne, då vêret vert våtare eller tørrare. Landområde forsvinn sakte men sikkert under havoverflata.  

DEI FLESTE AV desse 25 millionane flyktar internt i sitt eiga heimland, og dei som har mista livsgrunnlaget sitt reiser til byane for å leite etter jobb. Det fører til eit press på helsetenestar, utdanningsinstitusjonar, og leiar til fattigdom og desperasjon, som igjen leiar til urolegheitar og konflikt.

Det er ikkje lenger mogleg å stoppe klimaendringane, for dei er her allereie

FOR DEI SOM ser seg nøydd til å krysse landegrenser oppstår det nye problem. Det finst ingen internasjonale avtalar som sørger for rettar eller beskyttelse til menneske som må flytte på grunn av klimaendringar. «Klimaendringar» vert ikkje nemnd i Flyktningkonvensjonen som grunn til å oppnå flyktningstatus. Desse menneska kan altså ikkje ein gong kalle seg sjølv for flyktningar.

KLIMAENDRINGANE SKJER FORTARE og fortare, og for millionar av menneske og familiar er situasjonen desperat. Allereie begrensa ressursar, som vatn, vil truleg verte endå knappare. Avlingar og gardsdyr vil ikkje overleve i område der forholda vert for varme og tørre, eller for kalde og våte. Matsikkerheit er allereie ei bekymring i dag, og tilgangen på mat vil bli endå meir usikker i framtida. Dei som ikkje har moglegheit til å tilpasse seg alt dette, vil ikkje ha noko anna val enn å forlate heimen sin.

Land må få økonomisk hjelp til å tilpasse seg klimaendringane, og dei rike landa må ta sitt ansvar på alvor og kutte drastisk i sine CO2-utslepp

DETTE HANDLAR OM menneske, og det handlar om ansvar. Verdas rikaste land er dei som har det største ansvaret for dei globale klimaendringane, men det er dei utan skuld som må lide dei verste konsekvensane, som å miste gård og grunn. Dette er ikkje rettferdig. Det er på tide at dei med skuld for klimaendringane, inkludert Noreg, innser dei menneskelege konsekvensane av dei mange millionane tonn CO2 som har blitt slept ut i atmosfæren i ei årrekke.

SITUASJONEN FOR VESTLANDSBONDEN Arne er utan tvil problematisk. Men Arne bur i Noreg, og her finst det sikkerheitsmekanismar og forsikringar som sørger for at Arne kjem til å klare seg, trass alt. Hadde han budd i eit land utan økonomisk moglegheit til å hjelpe han, eller hadde han ikkje hatt råd til å forsikre garden sin, hadde det vore verre.

DET ER PÅ tide at situasjonen til dei klimafordrivne vert sett på dagsorden, både i Noreg og internasjonalt. Land må få økonomisk hjelp til å tilpasse seg klimaendringane, og dei rike landa må ta sitt ansvar på alvor og kutte drastisk i sine CO2-utslepp.

DET ER IKKJE lenger mogleg å stoppe klimaendringane, for dei er her allereie. Men vi kan sørge for at konsekvensane av dei vert så små som mogleg, slik at folk får bli der dei vil bli – heime.