«Er det nok å berre kalle det reklame, når dei bevisst vil manipulere oss?»

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 04.05.2018 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Reklamen triggar spiseforstyrringa mi

– Eg slit sjølv med anoreksi, så eg tenkte å ta fatt i det som eg ser på som propaganda, det eg veit påverkar meg. Og det er nettopp reklamen om kva ein bør trene og korleis ein bør ete sunnast mogleg. Det triggar veldig spiseforstyrringa mi. Så videoen speglar det som pregar kvardagen min og kva som påverkar meg, fortel Marta Gangsås Berstad (18).

Berstad er elev ved Dombås vidaregåande, og vann nyleg Fritt ord-konkurransen for vidaregåande. Bidraget hennar handlar om sosiale media og reklame, og vann prisen for beste medieproduksjon.

Sjekkar mobilen i senga, på bussen og på skolen

I den litt over fem minutt lange vinnarfilmen, fortel Berstad at å sjekke telefonen er det første ho gjer når ho vaknar i senga om morgonen, og vidare om korleis det pregar heile dagen hennar. Ho sjekkar snapchat, facebook og andre sosiale media på bussen, på skolen, i bilen, i byen, i sofaen, heime og borte, og fortel at det ikkje er sånn for berre henne, men at det gjeld dei fleste på hennar alder.

Med statistikk frå Bufdir fortel ho blant anna at ein av tre ungdommar brukar meir enn fire timar foran ein skjerm kvar dag, utanom skoletida. Ho seier vidare at vi blir eksponerte for over 3500 reklameinntrykk kvar dag.

Sjå filmen til Marta Gangsås Berstad her:

– Kva vil du fortelje andre med denne filmen?

– Det er eigentleg å få folk bevisste på at vi faktisk blir påverka. Eg ser det på korleis vi snakkar om kroppen vår, at vi unnskyldar at vi et. Kommentarar som «eg skal trene etterpå». Eg vil at folk skal bli bevisste på det. Og at vi tenker over kva vi seier og korleis det påverkar tankegangen vår.

Vil ha meir positivitet

Berstad vil at vi heller kan snakke om kroppane våre og oss sjølve på ein positiv måte.

– Om det blir det vanlege å seie at ein er nøgd med seg sjølv og skal kose seg med det ein et, så blir jo det det som er vanleg, og det trur eg ville påverka positivt, seier ho.

Ho meiner at om vi alle er meir positive, så må jo reklamebransjen òg endre måten dei reklamerer på.

– Dei kan jo ikkje utnytte at vi er usikre på oss sjølve om vi ikkje er det. Det må ei endring i tankesett og måte å reklamere på om det skal bli sånn, seier ho.

– Media har ansvar

– Kva tenker du om media si rolle når det gjeld å påverke unge folk?

– Eg tenker at media har eit ansvar for måten dei skriv artiklar på. Eg har og eit ansvar, med å sjå det. Vi må alle vere klar over at det påverkar. Det er den bevisstgjeringa eg synest er viktig.

– Har du noko forslag til kva som kunne gjerast for å skåne unge folk frå reklame?

– Det burde vore ein debatt om kva som skal vere greit å reklamere for, meiner Berstad.

– Eg synest til dømes ikkje det skal vere greit å reklamere for plastisk kirurgi. Eg synest og det er veldig bra at det er vorte forbode i Oslo med retursjert reklame. Matreklame er òg ein ting som burde vore debattert, fordi om ein slit med mat og eting, så har det negativ verknad, seier ho.

Emosjonell kraft og drivande formidling

Joakim Lie er prosjektleiar for Fritt Ord-konkurransen for vidaregåande skole. Foto: Fritt Ord

«Hva er propaganda? Hva skal til for at noe kan kalles propaganda? Vær gjerne konkret og ta for deg forhold i lokalsamfunnet, i Norge eller i verden – i nåtid eller historien», var oppgåva frå Fritt Ord.

Fritt Ord fekk 255 bidrag frå til saman 300 deltakarar. Det er 100 fleire bidrag enn dei fekk inn året før.

– Marta Berstad har laga eit videoessay om forholdet mellom informasjonsflyten i media og kroppspress. Med enkle verkemiddel og effektiv forteljarteknikk, får ho fram eit bilde og ei beskriving som mange kjenner seg igjen i, seier Joakim Lie i Fritt Ord, som er prosjektleiar for konkurransen.

Grunngjevinga frå juryen seier blant anna: «Det er slåande korleis filmskaparen med ein stillfaren og nøktern stil klarer å nå fram med ein tematikk som angår mange unge. Filmen har emosjonell kraft og er drivande formidlet med nerve, alvor og relevans».

Berstad har fått mykje respons, òg frå folk ho ikkje kjenner.

– Eg har fått tilbakemelding frå folk om at filmen rørte dei, at det er ein sterk film, og at det burde bli ein debatt. Det er veldig fint, da kjenner eg at eg har gjort noko riktig, seier 18-åringen som no gjerne kunne tenkt seg å gjere meir film om aktuelle tema.

– Når ein først har klart å vekke interessa til andre, så tenker eg at eg kanskje burde gjere det meir. Få folk bevisste på andre ting, det kunne ha vore gøy, seier ho.