Elevane får bruke både laser og 3D-skrivar

Sunnfjord Skaparhus er tilhaldsstad for skuleelevar, studentar, gründerar, og andre som vil teste ute ideane sine. Og Reodorklubben - ein raskt veksande fritidsklubb for barn og unge med over 600 medlemmar.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kor høgt?

Spørsmålet kjem frå ein elev ved Halbrend skule i Førde. Han har nettopp tatt plass bak arbeidsbordet i Sunnfjord Skaparhus og instruktør Øyvind Hellenes (26) er i gang med å forklare dagens prosjekt. Ein rakett driven av vatn og lufttrykk. Sjå video nedst i saka.

Øyvind Hellenes viser korleis dagens prosjekt kan løysast, men det er opp til elevane å bestemme korleis deira rakett skal sjå ut. Foto: Frode Grimelid

– Eg testa han i stad, og då gjekk han om lag tjue meter. Det går an å få ganske høgt trykk i flaska, seier Hellenes.

Svaret fell i god jord hos elevane som forventningsfullt går i gang med oppgåva.

– Men hugs, dette er presisjonsarbeid, seier Hellenes, og forklarer at koplinga må vere heilt vasstett. Utløysarmekanismen må også fungere perfekt.

Vil vere skapande kraft

Etter ein bachelorgrad i informatikk og ein mastergrad i entreprenørskap, fann Hellenes ut at han ville heim for å vere med på å vidareutvikle teknologimiljøet. Selskapet han i dag er dagleg leiar for, Techyard AS, har som mål å legge til rette for utvikling.

– Eg synest det er veldig spennande å jobbe med korleis vi kan skape nye arbeidsplassar, seier han.

Ein nøkkel, meiner dei som står bak Sunnfjord Skaparhus, er samarbeid og tilgang til både erfaring, kompetanse og utstyr. Skaparhuset held til i nye lokale ved det gamle skipsverftet, der Hellenes AS no driv sin industri.

Alt mitt er ditt

Ei rekke sponsorar i næringslivet, samt avtalar med ulike utdanningsinstitusjonar som Halbrend skule, Fagskulen og Høgskulen på Vestlandet, sikrar tilgang til avansert utstyr. Alt står tilgjengeleg for både skuleelevar og vaksne. Reodorklubben, ein fritidsklubb for barn og unge med over 600 medlemmar, får også fritt spelerom her.

– Det er eit alternativ til idrett, og fritidsklubben har til no vist seg å vere det største behovet vi dekkar, seier Hellenes.

Øyvind Hellenes hjelper til med bruk av lasermaskina. Her skjer laseren ut ein sirkel med hol i midten, som skal vere del av festeordninga til raketten. Foto: Frode Grimelid

Huset har eigne avdelingar med verktøy for tekstil, tre og metall, og elektronikk. Der finst 3D-skrivar og laser som ein kan programmere til å skrive eller skjere ut figurar, delar eller ein prototype. Har ein interesse for kunst, video og musikk, er her også utstyr og rom for slik produksjon. Annankvar fredag er det filmklubb.

– Filosofien er at alt mitt er ditt, og at vi kan skape konkurransefortrinn for miljøet i Førde ved å vere flinke til å dele, seier Hellenes.

Eigen lokal læreplan

Elevane som er her i dag går i niande klasse og tar valfaget Teknologi i praksis. Halbrend skule har laga ein eigen lokal læreplan saman med Hellenes, som dei gjerne deler med andre som vil kopiere den. Prosjektet er nytt dette skuleåret, og tanken er at fleire av skulane i kommunen kan bli med.

Åge Stafsnes er rektor ved Halbrend skule. Foto. Halbrend skule

– Her får vi tilgang på kompetanse og ikkje minst utstyr som vi har utfordringar med å skaffe i skulen, seier rektor Åge Stafsnes.

Han synest det er viktig at elevane får sjå kva moglegheiter som finst, og kanskje blir det ein gong dei som utviklar nye arbeidsplassar i regionen.

– Vi ser at fleire og fleire melder seg til dette valfaget. No har vi skjema ute

Det meste dei lagar blir tatt frå kvarandre for å lage nye ting. Gjenbruk er viktig. Likevel ligg det fleire rare dingsar rundt omkring, som denne lampa. Foto: Frode Grimelid

for neste år, og er spente på kor mange det blir. Tilbakemeldinga er at dei synest faget er kjekt og spennande å vere med på. Framover har vi også planar om eit tilsvarande samarbeid om koding.

– Noko anna

Elias Berget, Olav Haugsbø og Samual Bahati er godt i gang med sin rakett. Den ser litt annleis ut enn instruktøren sin, men konseptet er det samme. Dei er alle glade for måten skulen har løyst faget Teknologi i praksis.

Olav Haugsbø limer fast den vesle runde brikka som vart skoren ut på lasermaskina. Elias Berget held fast medan Samuel Bahati følger godt med. Foto: Frode Grimelid

– Det er spennande, seier Bahati.

– Det er noko anna, seier Berget.

– Vi lærer noko, men det er kjekt å lære, seier Haugsbø.

Dei fortel at dei stort sett brukar ein eller to gongar på kvart prosjekt, og så er det vidare til noko nytt. Hellenes legg opp til minimalt med skriving. Her er det å skape og lære med hendene som er målet.

Målet for denne øvinga er dei alle samde om: Å få flaska til å gå høgare enn instruktøren.