Har laga ein fjernstyrt skaplås du kan opne med mobiltelefonen eller ved hjelp av ansiktsgjenkjenning.

Halvor Farsund Storvik, Porten.no
Halvor Farsund Storvik, Porten.no

Saka vart først publisert i Porten

Elev Stian Lunde Nesdal stiller seg framfor eit tilsynelatande heilt vanleg webkamera og stirrer inn i linsa. Fem-seks sekund seinare opnar skapdøra med eit lite klikk.

– Det tek litt langt tid, for det er ein del prosessar det må gjennom, seier han nesten unnskyldande.

Les også: Kreativ ungdom viktig for lokalsamfunna

Les også: Aurland vart trippel prisvinnar på gründermessa

Fekk storfint IT-besøk
Den avanserte skaplåsen er eit prosjekt elevane i andreklasse på data- og elektronikklinja i Sogndal har brukt våren på å sette saman. Dei har laga straumforsyninga og programmert mikroprosessoren, eller sjølve hjernen i systemet, laga brukargrensesnittet og installert rørsledetektor, tastatur og kamera.

– Det var ganske utfordrande, spesielt med ansiktsgjenkjenninga, seier Lunde Nesdal.

Før helga inviterte dei Highsoft, Difi, Fylkeskommunen og Fylkesmannen på besøk. Alle har utviklingsavdelingar innan IT.

– Det var spanande å sjå kva dei synst om prosjektet. Dei hadde ein god del spørsmål. Dei fekk opplyst oss litt og så fekk vi opplyst dei litt. Alltid like kjekt, seier Lunde Nesdal.

Presenterte prosjektet for lokale verksemder
Lærar Njål Sire fortel om låsprosjektet framfor ei forsamling av IT-ekspertar frå lokale verksemder og instansar. Foto: Sogndal VGS.

Håpar på fruktbart samarbeid med lokale IT-krefter
Lærar Njål Sire er imponert over kva elevane har fått til.

– Det gjeld å lage seg nokon oppgåvar som er spanande for lærarane og elevane, og som gjer at dei må strekke seg lenger enn det dei kunne frå før. Dei har laga ganske avanserte system og greidd mesteparten på eigahand, seier han.

Neste år skal tredjeklassingane på utplassering to dagar i veka i lokale bedrifter. Med IT-miljøet som er i Sogn, med gründermiljøet på Campus, Difi på Leikanger og Highsoft i Vik, skulle det meste liggje til rette for at elevane skal få bruk for ferdigeheitene sine.

– Vi ser kvart år at vi har elevar som kan drive med utvikling, altså lage datasystem sjølve. Ved å invitere desse bedriftene så håper vi at dei kan få augene opp litt for det vi kan, seier Sire.

– Det er ein ressurs som vi kanskje har benytta oss av litt for lite og bedriftene kanskje har benytta seg litt for lite av oss. Vi har eit håp om at dette kan vere ein start på å få til eit fruktbart samarbeid i framtida, seier læraren.

Les meir om livet som #gründer

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE