Sjå kva ungdomsskular som får koding som valfag til hausten!

Svein Olav B. Langåker
Faktaboks

KODING SOM VALFAG

Eit treårig forsøk med programmering som valfag på ungdomstrinnet startar hausten 2016.
Skulane får støtte frå Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga.
Regjeringa har sett av 15 millionar kroner over tre år til forsøket.
Nokre kommunar og skular som deltek får økonomisk støtte. I 2016 får skuleeigarar som mottar støtte tildelt kr 75 000. I tillegg får dei kr 25 000 per skule, når meir enn éin skule deltek. 

Les meir om prosjektet her!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Programmering blir ein stadig viktigare ferdigheit, og me legg no til rette for at fleire kan læra å koda allereie på ungdomsskulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Pilotprosjektet med programmering som valfag startar skuleåret 2016-2017, og varer til og med skuleåret 2018-2019. 146 skular fordelt på 53 kommunar får delta i forsøket.

– Det er flott at så mange skular og kommunar ønskjer å verta med i utprøvinga av det nye valfaget. Dette viser at interessa for programmering er stor ute på skulane, og ikkje minst blant lærarane, seier kunnskapsministeren.

LES OGSÅ: Bør kidsa kode på skulen?

Laga robotar
I det nye valfaget skal elevane blant anna læra korleis datamaskiner og ulike dataprogram fungerer. Dei skal òg få opplæring i programmeringsspråk og bruksområda deira. Døme på oppgåver elevane kan få er å programmera eigenutvikla robotar, og å laga enkle dataprogram eller animasjonar.

– Å læra å koda gir elevane nye metodar for problemløysing, og høve til å jobba kreativt. Å ta koding, spelprogrammering og 3D-design inn i skulen kan gjera faga meir relevante og motiverande, seier Røe Isaksen.

Lærarane på skulane som deltek i forsøket får gode høve til å auka dei teknologiske kunnskapane sine. Senter for IKT i utdanninga har utvikla eit nettbasert kurs i programmering for lærarar.

LES OGSÅ: Her lagar elevane Lego-robotar

Godt høve for utvikling
Akershus og Hordaland har flest skular med i prosjektet.

Rektor Hans Arnevik ved Bremnes ungdomsskule i Bømlo i Hordaland, seier til Framtida.no at han er glad for at skulen får vera med.

– Fleire seier det vil bli meir bruk for koding framover. Sånn sett er dette ein god start for oss. Eg ser gode høve for å utvikla oss på skulen, seier han og understrekar at dei i dag ikkje har lærarar som har kompetanse på koding og at det difor er nødvendig med kurs.

Sjå kva skular som får delta i prosjektet med koding som valfag!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE