Elev-leiar: – Ser ikkje gode alternativ til fritt skuleval

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste vekene har det vore mykje støy kring lærar Simon Malkenes. Læraren ved Ulsrud vidaregåande i Oslo ville ha ein debatt om fritt skuleval, men enda opp med ein debatt om ytringsfridom etter å ha fått reaksjonar på omtalen av elevar.

Framtida.no går tilbake til saka og spør Elevorganisasjonen (EO) om fritt skuleval.

Ulikt syn i organisasjonen

– Vi meiner at inntaksordninga er best bestemt lokalt, seier Agathe Waage, påtroppande leiar i EO.

Ho forklarer at det er ulike syn i organisasjonen på fritt skuleval, og at dette har geografiske årsaker. Mellom anna har talet på skular, avstand mellom dei og reiseveg for elevane mykje å seie.

Elevorgansiasjonen let fylkeslaga bestemme om dei er for eller mot fritt skuleval. Nyvald leiar Agathe Waage meiner geografiske skilnader må opne for forskjellar i inntakssystemet. Foto: Eilert Isaksen-Warth

– Mange fylke skal behandle spørsmålet på årsmøta sine framover.

Elevorganisasjonen i Oslo skal ha årsmøte torsdag og fredag denne veka. I dag meiner Oslo-laget at det skal vere fritt skuleval, og førebels har det ikkje komme endringsforslag til dette.

– Men det kan godt vere det kjem innspel, og det er sannsynleg at det blir ein diskusjon om temaet, seier Julian Söderberg, som er leiar for EO i Oslo.

Oslo vil ha fritt skuleval

– Vi er interesserte i å utforske andre alternativ. For to år sidan hadde vi ein politikk om å gjere forsøk med intervju og mapper, men no har vi gått tilbake til at fritt skuleval er rett. Eit fleirtal av elevane stiller seg bak dette, seier Söderberg.

Han meiner at problema som Malkenes skisserer, at skulane får ei overvekt av elevar frå same elevgruppe, kan handterast på andre måtar enn å ta bort fritt skuleval. Mellom anna meiner han at ein bør sjå på moglegheita for å endre fordelingsnøkkelen for ressursar, slik at meir går til skular med mange elevar som treng ekstra oppfølging.

– Om dette er rette løysinga kan diskuterast, men vi meiner det er viktig å finne alternativ som tar vare på enkeltelevane sine interesser samtidig som vi gjer noko med problema. Vi trur ikkje det er ein betre modell å gå tilbake til nærskuleprinsippet, seier Söderberg.

Dei fleste får førstevalet sitt

– I 2004 var Elevorganisasjonen svært glad for at fritt skuleval vart fjerna frå Osloskulen. Då meinte leiinga at inntaksordninga skapte A- og B-skular. Kva har endra seg?

– Det skjer alltid nye ting i skulen, derfor er elevane sine perspektiv annleis enn for ti år sidan. I dag er det stor semje blant medlemmane i Oslo om fritt skuleval, men vi er opne for diskusjon.

Sjølv ser Söderberg ingen gode alternativ, og viser mellom anna til forslag om karakterutjamning og lotteri.

– Då kjem vi fort i den situasjonen at færre kjem inn på den skulen dei ønsker.

For skuleåret 2017-2018 kom 89,3 prosent av Oslo-elevane inn på førstevalet. Det er på tredjeplass i landet, bak Vestfold (90) og Vest-Agder (89,5), og godt over landssnittet på 85,7 prosent. Sjå tabell nedst i saka.

Ned frå barrikadane

– Mange av medlemmane våre går på skular som får mykje omtale i media, og mange av dei er glade i skulane sine og føler at dei får god opplæring. Eg trur ikkje problemet er så stort som det kan høyrest ut som, seier Söderberg.

Han synest det er synd at debatten som vart starta av Simon Malkenes har blitt så polarisert, og etterlyser sakleg debatt frå alle sider.

– Det er synd om lærarar føler at dei ikkje får sagt det dei skal seie, for no er det på høg tid at vi kan snakke om både fritt skuleval og ressursfordeling, vald og mobbing, utan å måtte stå på barrikadane, seier Söderberg og forklarer:

– Kvar gong det har hendt noko, som eit slagsmål på Stovner, blir Osloskulen framstilt som ein skule i forfall og totalt kaos, med ein utruleg autoritær skuleleiing. Det trur eg hindrar nyansering og gjer at vi ikkje kjem vidare.

No håpar han at initiativet til å å få ei skikkeleg høyring med alle partar i Oslo bystyre vil føre fram.

Inntaksordning

  • Fritt skuleval, eller inntaksbasert opptak, betyr at karakterane bestemmer kvar elevane kjem inn.
  • I inntak etter nærskuleprinsippet er bustadadresse og avstand til andre skular med på å bestemme opptaket i tillegg til karakterane. Målet er at fleire skal få gå på ein skule i nærleiken, og ein skal unngå at mange elevar må bu på hybel/internat.
  • Fylka bestemmer sjølve kva inntaksordning dei vil ha, og ordninga varierer frå fylke til fylke.
  • I tettbygde område som Oslo, fell argumentet om nærleik til skulen til ein viss grad bort. Enkelte meiner likevel at fritt skuleval er uheldig fordi ein får skular med lite varierte elevgrupper.