Han kjempar for viktig regelendring for hybelbuarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 31.07.2019 11:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Porten.no!

Lærdal: – Dette er ei viktig sak for vidaregående elevar i heile Norge men spesielt i Sogn og Fjordane med våre dårlege vegar, seier Egil Natvik Vestrheim leiar i Lærdal og Årdal AUF.

På fylkesårsmøtet til Arbeidarpartiet fekk den unge lærdølen gjennomslag for å senka grensa for bortebuarstipendet frå tre til to timar reisetid kvar dag. I tillegg skal det vera eit utval i fylket som kan visa skjønn dersom vegen til dømes er spesielt rasutsett, eller viss du bur nokre meter for nære skulen.

Urettvise utslag i Sogn

Kravet i dag er du anten må bu meir enn 40 kilometer unna skulen, eller det må ta meir enn tre timar å reisa til og frå kvar dag.

Det betyr at du ikkje får stipend om du bur på Lærdalsøyri eller Naddvik i Årdal og går på vidaregåande i Sogndal.

Stipendet utgjer 4437 kroner i månaden.

– Med vårt forslag vil dei få bortebuerstipend sidan dei har meir enn to timar reiseveg per dag. Dette er viktig for at alle skal ha like muligheter uansett kvar i landet du bur, seier Natvik Vestrheim.

Kampen ikkje over

Han seier det er frustrerande for ungdom som må bruka opp mot tre timar på å koma seg til skulen kvar. Det dårlege kollektivtilbodet gjer ikkje eit liv langt unna studiestaden noko enklare.

– Det er tid som kunne blitt brukt med vennar, på lekser, trening eller andre konstruktive ting i ein elles pressa kvardag. I tillegg kan det å måtte reise så mykje bli ein utfordring med tanke på å delta på sosiale arrangement på skulestaden, som igjen gjer det vansklegare for ungdom i distrikta å få oppleva ting, seier Natvik Vestrheim.

Sjølv om framlegget hans vart vedteke på fylkesårsmøtet til partiet, minner Vestreheim om at det er eit stykke att til den endelege sigeren i saka.

– Me må fortsatt kjempa fram saka på landsmøtet til Ap og så få fleirtal i stortinget etter det, seier han.