Stavanger har ingen reglar mot retusjert reklame

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Så å seie all reklame i byrommet er retusjert. Når ein byrjar å endre på kroppar og anatomi og skaper eit uoppnåeleg kjønnsideal, så er det ikkje bra å få det slengt i trynet, seier Stine Holm (18), som er leiar i Stavanger Raud Ungdom.

Stine Holm (18) er leiar i Raud Ungdom i Stavanger. Foto: Privat

Kampen mot retusjert reklame har vore ei av kjernesakene deira i fleire år, og før jul hadde dei ein plakataksjon saman med Sosialistisk Ungdom i Stavanger, der dei sjølve gjekk rundt og merka reklamen.

– Vi sa ifrå om at dette er ikkje greitt, for å få merksemd rundt saka. Det kjem vi til å forsette med heilt fram til vi har fått påbod om å merke reklamen, seier Holm.

Ho ser at det får ringverknader når noko skjer i andre byar.

– Det er først no, når ein ser at dei andre byane gjer noko, at vi òg får saka meir synleg her i Stavanger. Det er veldig gøy at ein no klarer å legge press på politikarane. Det blir fleire som synest saka er viktig, og det får merksemd i media, seier ho.

– Psykisk helse må sjåast i samanheng

SV i Stavanger har nyleg sendt ein interpellasjon (førespurnad) til bystyret, der dei vil at rådmannen i Stavanger hentar inn erfaringar og vedtak frå andre byar, så dei kan innføre merking av retusjert reklame også i Stavanger. Saka kjem opp i mai.

– Vi veit at det påverkar ungdom å gå rundt og bli eksponert for desse umenneskelege ideala mange gongar om dagen, seier Ingrid Kristine Aspli i Stavanger SV, ei av dei to i bystyret som nyleg sendte inn forslaget.

Ingrid Kristine Aspli, SV Foto: Privat

Aspli meiner at problemet med psykisk helse må sjåast i samanheng, og at eit tiltak mot retusjert reklame handlar om førebygging av psykiske vanskar i ytterste konsekvens.

– Vi skal fremme eit godt bilde av kropp og sjølvbilde og vere bevisste på at det førebygger psykiske vanskar i neste instans, seier Aspli.

Ho presiserer at merking av reklame er eitt av fleire tiltak som dei bør gjere mot kroppspress, og fortel at dei i Stavanger gjentatte gongar den siste tida hatt opp tema med ungdom sin psykiske helse.

– Vi er bekymra for at studiar viser at ungdom har psykiske vanskar, og ein del av det bildet er at mange er plaga med spiseforstyrringar, seier ho.

Oppe til debatt allereie for tjue år sidan

Da Aspli vart med i SU som ungdomspolitikar for tjue år sidan var dette eit tema som var oppe til debatt. Ho meiner det er beklageleg at dei vaksne har vore så treige.

– Dette har ungdom kjempa for i mange år. Først no har det løsna. Først no har dei vaksne teke det inn over seg, seier Aspli.

– Kvifor har det ikkje skjedd noko i Stavanger når det er gjort vedtak i dei andre store byane?

– Kanskje fordi dei som styrer i Stavanger er ein allianse på høgresida. Frp er jo i posisjon. Men samstundes er dei jo i posisjon i nabokommunen Sandnes og, og der har dei fått innført eit påbod om merking av retusjert reklame. Så det er vanskeleg å vite. Men no må vi få det på plass, seier Aspli.

Borgarleg side er positive

Raud Ungdom gjekk rundt i Stavanger og merka retusjert reklame. Foto: RU

John Peter Hernes, kommunalråd og gruppeleiar for Høgre i Stavanger kommune, er einig i at det er mykje kroppspress, og trur dei vil stille seg bak forslaget når det kjem opp.

– Vi har ikkje høyrt om forslaget før no, så det er ikkje drøfta i vår gruppe. Det er ingen tvil om at det er mykje uheldig kroppspress, så eg antar at vår gruppe vil vere positive til at reklame, vi som kommune kan stille krav til, skal merkast om den er retusjert. Dette er på linje med kva eg forstår Høgre i Kristiansand òg har valt som linje. skriv han i ein mail til framtida.

Bjarne Kvadsheim, gruppeleiar for Senterpartiet meiner òg at dei må vere med og jobbe mot kroppspresset mot unge jenter og gutar.

– Når det gjeld spørsmålet om å merka slik reklame, er det noko Senterpartiet vil røysta for. Kvifor vi ikkje allereie har vedteke dette tidlegare, har eg ikkje eit godt svar på.

Truleg har ikkje nokon løfta saka opp på politisk nivå, skriv han til framtida.

Blir sjokka og skuffa om det ikkje går igjennom

Stine Holm i Raud Ungdom er veldig nøgd med at saka no blir tatt opp i bystyret.

 

– Eg synest det er veldig bra. Dei burde stemme for det forslaget, det trur eg er lurt for ungdom si helse, seier ho.

– Eg forventar fleirtal. Har Sandnes fått det til, skal vi og. Eg blir sjokkert og skuffa om det ikkje går igjennom, seier Aspli.