Dobbelt så mange unge menn som kvinner vil stemme Frp

Langt fleire unge menn vil stemme Frp, samanlikna med unge kvinner. Det motsette er tilfellet for SV.

NPK-NTB
Publisert

Det viser data frå NRKs supermåling frå tidlegare i juni. Veljarar har vorte spurde om kva dei ville stemt om det var stortingsval no.

I den kjem det fram at 39,4 prosent av menn mellom 17 og 25 år vil stemme Frp, men berre 16,6 kvinner i same aldersgruppe svarer det same. Blant kvinnene svarer 16,9 prosent at dei vil stemme SV, medan blant mennene er det berre 5 prosent.

– Unge kvinner og menn er opptekne av litt ulike saker. Unge kvinner er opptekne av klima- og velferdssaker i større grad enn unge menn, som er meir opptekne av skatt og økonomiske spørsmål, seier valforskar Stine Hesstvedt ved Institutt for samfunnsforskning.

Ho meiner unge veljarar er litt meir trendsensitive.

– Om det skjer store ting i samfunnet, blir dei meir opptekne av det enn eldre, seier Hesstvedt.

Når det gjeld Høgre og Ap er kjønnsfordelinga meir lik blant dei unge. Blant mennene vil 14 prosent stemme Ap, medan 17,1 prosent av kvinnene vil stemme Ap. 20,9 prosent av mennene vil stemme Høgre, medan andelen er 19,7 blant kvinnene.