– Umenneskelege reklamekroppar må merkast

Ingrid Kristine Aspli, bystyrerepresentant, Stavanger SV
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg kom inn i ungdomspolitikken for 20 år sidan var kampen mot «skjønnheitstyranniet» ei av dei fyrste kampanjane eg var med på. Eg lærte då at om Barbie hadde vore levande med same kroppslege proporsjonar, så hadde ho ikkje klart å stå oppreist, og heller ikkje hatt plass til alle indre organa. No, tjue år seinare, les eg om ukrainske Valeria Lukyanova som sultar seg hardt for å bli ei levande Barbie, og som har ein million følgjarar på Facebook. Det er alarmerande. Eg grøssar over kor aktuell denne kampen framleis er.

«Om Barbie hadde vore levande, så hadde ho ikkje klart å stå oppreist». Foto: Richard Perron/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

For 20 år sidan ville eg ut i gatene og markere all reklame som eg visste var retusjert. Og kva er retusjering? Jo, det er når bilete av modellar endrast digitalt i etterkant, til dømes ved at kroppen blir slanka, brysta forstørra, halsen forlenga, eller at nasen blir retta på. Dette skjer svært ofte. Du kan vere rimeleg sikker på at den bikinikroppen som heng i busskuret er noko heilt anna enn slik den dama faktisk såg ut.

Eg lærte at dei kroppane som byr seg fram på reklameflater, dei påverkar unge menneske si oppfatning av kropp. Eg kjente på det personleg, eg hugsar at eg kjente meg meir og meir mislukka jo meir eg bladde i moteblader. Det er ein dokumentert samanheng mellom å sjå retusjert reklame og å kjenne på eit auka kroppspress, særleg hjå ungdom. Forskarar har funne ut at ein kjenner seg meir misnøgd med eigen kropp, etter å ha sett bilete av tynne modellar eller idealkroppar, enn om ein har sett på vanlege eller store kroppar. Dette er like aktuelt i dag.

I rapporten ”Retusjert reklame og kroppspress” frå 2014, oppga 85 prosent av unge jenter og 30 prosent av unge gutar at dei opplever kroppspress, og nærmare 70 % av jentene meinte at reklame hadde størst påverknad på dette presset.

I ein fersk rapport frå organisasjonen Press, kjem det fram at ungdom heilt ned i 12-års alder ønskjer å endre på utsjånaden sin. Samanhengen mellom kroppsbilete og dårleg psykisk helse er godt dokumentert, særleg gjeld dette for jenter i tenåra. Ifølgje folkehelseinstituttet er spiseforstyrringar den største psykiske lidinga blant jenter mellom 13 og 25 år.

Ungdom ser omtrent 5000 kommersielle bodskap dagleg. Det er massivt. Om ein 14-åring synes kroppen sin er mislukka, ønskjer seg større puppar i konfirmasjonsgåve, og hyllar Valeria Lukyanova på Facebook, så er ikkje det eit individuelt problem. Det er eit problem på system – og samfunnsnivå.

Våre barn og ungdommar har gjennom barnekonvensjonen rett på eit levevis som fremjar god fysisk og psykisk utvikling. Vi politikarar har ansvar for å legge til rette for at ungdom får eit sunt forhold til eigen kropp og sjølvbilete, vi har eit ansvar for førekomsten av spise- og kroppsbileteforstyrringar. Kropp og sjølvbilete hjå barn og ungdom er komplekse fenomen, som dreier seg om mellom anna haldningar hjå foreldre, i venekretsen, kulturen i ulike idrettsmiljø, sosiale medium, reklame- og motebransjen. Vi må arbeide breitt for ungdom si psykiske helse, og å ta eit oppgjer med reklame retta mot unge menneske som dyrkar uoppnåelege kroppsideal, er ei viktig brikke i dette arbeidet.

Dei siste åra har mange tatt kampen mot kroppspress og retusjert reklame. I 2015 lanserte Sanitetskvinnene kampanjen ”lei av å bli lurt – krev merking av retusjert reklame”. Kampanjen samla 26 000 underskrifter, som vart sendt helseminister Bent Høie.

«Dei siste åra har mange tatt kampen mot kroppspress og retusjert reklame».

Ungdom mot retusjert reklame, eit nettverk av ungdomsorganisasjonar, har i fleire år arbeidd for denne saka. Ungdomsorganisasjonen Press har sidan 2011 gitt ut «Gullbarbie», ein verstingpris som delast ut kvart år til ein aktør som har vore «best på å få ungdom til å føle seg verst».

I 2016 var temaet kroppspress oppe i Stortinget, men forslaget frå SV, KrF, SP, og MDG om å merke retusjert reklame fekk dessverre ikkje fleirtal. Argumenta imot var mellom anna at ein trudde dette ville ha avgrensa effekt på kroppspress blant unge menneske, samt at det ville vere vanskeleg å regulere.

Sidan har heldigvis fleire tatt grep lokalt rundt om i landet: Trondheim, Kristiansand og Tromsø har innført regulering av retusjert reklame. I mars i år vedtok bystyret i Oslo forbod mot retusjert reklame på alle kommunale reklameflater. Alle parti stemte for, med unntak av FrP.

SV vil halde fram med denne kampen, både nasjonalt og lokalt.

SV på Stortinget la nyleg fram eit forslag til ein nasjonal handlingsplan mot kroppspress, med tiltak som forbod mot marknadsføring av kosmetisk kirurgi og slankeprodukt, samt merking av retusjert reklame. Vi vil merke reklamen slik at kvar einaste forbipasserande får vite at dette er juks. I tillegg er det ein tenkt konsekvens at påbod om ei slik merking vil føre til mindre retusjering, rett og slett fordi det skulle vere ønskjeleg for reklameaktørane å sleppe å få eit slikt stempel på sine plakatar.

Vår nabokommune Sandnes vedtok nettopp at retusjert reklame på kommunen sine bymøblar skal merkast, etter initiativ frå Sanitetskvinnene. No må Stavanger følgje etter. Stavanger SV vil gjere det vi kan for at dei umenneskelege ideala som heng rundt omkring i byen vår skal bli merka eller fjerna.