Behandlinga dei reklamerer for, er såkalte «fillers» i leppene. Russen får tilbod om ei behandling på 30 minutt til 2500 kroner. Dei sparer fire hundre.
Skjønnheitsklinikk sel leppeforstørring til russen

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Helsesista: – Kynisk marknadsføring retta mot russen
– Eg er heilt mållaus, seier «Helsesista» Tale Maria Krohn Engvik, i ein kommentar til bladet minmote.no.
Russen negativ
Ho meiner det er ekstremt kynisk å gjere pengar på unge jenter som er usikre frå før.
Pressesjefen for russestyret i Oslo og Akershus, Alfred Ryvarden, er òg negativ til reklamestuntet, og seier at russestyret er einige i saka.
– Vi synest ikkje noko om annonsa. Alle jenter ser bra nok ut som dei er, og dei treng ikkje å fylle på leppene, seier han til Minmote.
- Les også: Bik Bok lovar endring etter Gullbarbie
Legg ansvaret på media og bloggarar
Klinikken Ansikta Medica som har lagt ut annonsa, meiner reklamen på Instagram for leppeforstørring retta mot 18- og 19-åringar er uproblematisk.
– Vår erfaring er at jentene som har bestemt seg for å gjere dette, gjer det uansett, seier sier deleigar og lege på klinikken, Mikhail Sovershaev.
Han meiner at det er massemedia og bloggarar som påverkar ungdommane til å gjere dette, og at det difor er uproblematisk at dei legg ut ei annonse.
- Les også: Ikkje fortel ein fireåring at ho er fin