Stig (27) slutta i fast jobb og begynte på ny utdanning

Frode Grimelid
Publisert
Oppdatert 02.04.2018 20:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulle kanskje lytta meir til meg sjølv tidlegare, seier Stig Henning Sunde.

Han sleit med bokstavar, men var god med tal. Eit økonomistudium måtte passe bra. Det trudde både han sjølv og dei rundt han.

Økonomistudiet i Sogndal gjekk fint. Han hoppa derfor rett vidare til master i revisjon og rekneskap ved NHH i Bergen. Tal var noko han fekk til, men det var noko som ikkje gjekk opp. Allereie etter eit halvt år på mastergraden, ville han helst slutte.

– Men å slutte verka så dumt og vekkasta. Og så det er noko med å fullføre ting, seier han.

Han fullførte og fekk seg jobb, men visste med seg sjølv at det ikkje var dette han ville gjere.

– Det var eit jag etter å få ting gjort, seier Sunde, som skulle ønske han hadde tenkt meir på trivsel då han valde yrke.

I fjor sommar gav han beskjed om at han ville slutte i jobben som rekneskapsførar og revisormedarbeidar. I januar starta 27-åringen deltidsstudiet som vil ta fire år å fullføre. Då skal han vere ferdig utdanna vernepleiar.

Gjekk ikkje til rådgjevar

Etter vidaregåande var ikkje vernepleie i tankane. Han søkte ikkje særleg med rådgjeving, anna enn den ein får på vidaregåande, og han trur ikkje at ein rådgjevar kunne dytta han i ein annan retning. 

Stig Henning Sunde meiner fleire utdanningar burde la studentane prøve seg i yrket tidleg i studieløpet. Då er det lettare å endre retning undervegs. Foto: Frode Grimelid

– Eg veit ikkje kor enkelt det er å rådgje folk på vidaregåande. Om eg seier at eg er god med tal, så er premissen sett, meiner han.

Tanken om å arbeide med menneske med helse og omsorg dukka først opp under økonomistudiet. Då arbeidde han eit par somrar med menneske med funksjonshemming på Skei.

– Då forstod eg at dette er noko ein kan drive med, seier han.

– Er det ikkje eit veldig arbeidspress i helse og omsorg også?

– Jau, men for meg er dette meir gjevande. Jobben er ikkje berre profitt, profitt. Det er vanskeleg å sette ord på, men når du får eit ekte smil for det du har gjort for nokon, då får du ei god kjensle, seier Sunde.

Likevel tok det mange år før han endra retning. Fornuftsargumenta stoppa han.

– Eg var for opptatt av kva andre meiner. Dei kunne seie: «du har fem års utdanning, skjerp deg», men eg har innsett at eg ikkje kan gjere ting for andre. Eg kjente på at folk kunne ta meg for at eg var så dum at eg gjekk fem år på skule føre eg slutta, det har eg kjent ganske mykje på. Det er delte meiningar om det blant venner og slikt, seier Sunde.

Mange vaksne tar utdanning

Sunde jobbar no i ein bustad for folk med funksjonsnedsetting samtidig som han studerer. På studiet er han ikkje åleine om å vere over 25 år og ha utdanning frå før.

– Om lag ti kjem rett frå vidaregåande, resten er 25 pluss. Og det er mange med høgare utdanning i økonomi, seier han og ler.

Tal frå SSB (2017) viser at nær halvparten av studentane i landet er over 25 år. Vel tolv prosent er over 40 år. Talet studentar har gått opp i alle aldersgrupper nesten kvart år sidan 2010. Veksten er stor for aldersgruppene i slutten av tjueåra og i starten av trettiåra, men også for dei over 45.

– Er utdanningssystemet lagt godt til rette for å begynne på nytt?

– Vala ein tar her i livet får konsekvensar, men for min del er det greitt nok. Eg trong ikkje flytte, for undervisninga er lagt opp med samlingar ein gong i månaden. Deltid er overkommeleg, og eg trur det er grunnen til at det er ein del eldre på desse studia, seier han.

Trur på tidleg praksis

Sunde sitt råd til andre som lurer på om dei har valt feil, er å høyre på seg sjølv.

– Eg er ingen rådgjevar, og ein veit aldri om det er grønare på andre sida, men mitt råd er at ein må gjere det ein føler er rett for seg sjølv.

Med eit deltidsstudium er det mogleg å arbeide samtidig. Det gjer det lettare å ta ei ny utdanning etter kvart som ein har gjort seg avhengig av inntekt. Her er Stig Henning Sunde framfor den kommunale bustaden han jobbar i. Foto: Frode Grimelid

Det andre rådet hans er å nytte seg av alle tilbod om praksis under utdanninga. Då blir det lettare å få stadfesting på om ein har valt rett.

– Eg trur at det å få prøve seg gjennom utdanninga er nyttig. No får studentane i Sogndal prøve seg i praksis, det var noko eg sakna eg då eg studerte. Hadde eg fått prøvd meg i yrket er eg sikker på at eg ikkje hadde tatt mastergraden, seier Sunde.

Utdanningsval