Her får du hjelp til å velja utdanning

Siste frist for å søkja høgare utdanning går ut 15. april.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halvparten av norske arbeidstakarar angrar på utdanningsvalet sitt. Ifølgje svara ville dei fleste valt ingeniørstudium om dei kunne velje på nytt. På andreplass kjem økonomiutdanning med ni prosent og handverkarutdanning med åtte prosent.

LES OGSÅ: Vel studium som ikkje gjev jobb

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) oppfordrar til å velja utdanning både med hjartet og hovudet. Samfunnet treng nemleg dyktige lærarar, helsearbeidarar, ingeniørar og teknologar.

– Vel studiar som sameinar personlege ambisjonar og behovet til samfunnet, seier ho til NTB.

LES OGSÅ: Vegen mot draumekarrieren

Usikker jobbframtid
Studentar som vel ei utdanning innan samfunnsfag, økonomi og administrasjon, eller humanistiske fag kan møta ei usikker framtid på jobbmarknaden, ifølgje prognosane til Statistisk Sentralbyrå for tilbod og etterspørsel etter forskjellige utdanningsretningar fram mot år 2030.

– Desse skil seg ut som grupper det vil utdannast for mange av dei neste 20 åra i forhold til behovet. Konsekvensen er større rift om jobbane, seier prosjektleiar Nils Martin Stølen i SSB til Dine Penger.

Les meir om yrkesval her!

Faktaboks