Endringar i opptak til høgare utdanning
Regjeringa opnar for å gje tilleggspoeng for menn på fleire studium der det er skeiv kjønnsfordeling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Studentmassen innan dei ulike studia bør spegle samfunnet. Kjønn er ei side ved mangfald, og derfor bør det vere jamnare kjønnsbalanse i student- og tilsettegruppa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.
Dette er ei av fleire endringar i forskrifta om opptak til høgare utdanning som no er vedteken.
Stortinget har tidlegare bede regjeringa om å greie ut om korleis ein kan innføre ekstrapoeng til gutar og jenter som søkjer på studium der det er 80 prosent eller meir av det motsette kjønnet. Regjeringa har derfor gjort endringar i opptaksforskrifta som gjer det tydelegare når det kan bli gitt tilleggspoeng.
- LES OGSÅ: Kjønnspoeng til menn
For å jamne ut forskjellar og oppnå større grad av likestilling mellom kjønna, kan det for enkelte utdanningar opnast for at søkjarar kan få inntil 2 tilleggspoeng for ein avgrensa periode.
– Dette gjeld studium der eitt av kjønna er klart underrepresenterte blant studentar på, eller yrkesutøvarar frå, den aktuelle utdanninga, stadfestar Nybø.
- LES OGSÅ: Her sluttar mannlege studentar
I år vil menn få tilleggspoeng ved opptak til desse studia:
– Veterinærutdanninga ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.
– Dyrepleiarutdanninga ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.
– Sjukepleiarutdanninga ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole.
Nytt i forskrifta er også at to år på fagskule gir generell studiekompetanse. Tidlegare har det vore krav om at søkjarane måtte dokumentere norskkompetanse tilsvarande den som inngår i generell studiekompetanse.
- LES OGSÅ: Arnhild satsar på eit liv i lufta