Studieval: «Følg hjartet, bruk hovudet, ta den tida du treng!»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Våren er på veg med det som høyrer til av blomar, mildare vêr og sol på bleike vinterkinn. For mange av oss handlar òg våren om å ta store og viktige val. Søknadsfristen for vidaregåande skular den 1. mars nærmar seg med stormsteg. Det same gjer fristen for å søkje seg inn på høgskular og universitet, den 15. april. I takt med at vi kan ta av oss dunjakker og vottar, kan det verke som at nokon knyter eit skjerf av forvirring rundt halsen på oss og strammar til.

For det er skummelt å skulle ta val som avgjer resten av livet, ikkje sant?

«Alle andre veit kva dei vil verte»

Det er ei setning som går igjen i mange unge hovud, inkludert mitt eige.

Sanninga er derimot slik at dei aller fleste, i ein alder av seksten eller tjue, ikkje veit kva dei vil gjere resten av livet. Mange har ei slags formeining om kva retning dei vil peile seg inn på, medan andre kan føle seg dregne mellom ulike forventningar, roller og retningar.

Høyr med dei rundt deg. Du er mest sannsynleg ikkje åleine om å vere forvirra eller usikker.

«Mamma og pappa forventar at eg…»

Foreldre eller andre med stor innflytelse kan ha sterke meiningar om kva retning, utdanning eller yrke du bør velje. Kanskje står desse meiningane i strid med det du sjølv drøymer om og har lyst til. Det kan vere lurt å ta imot råd og vere open for å lytte til det dei har å seie, men til sjuande og sist er det du som må velje studieretning. Det er trass alt du som må stå opp om morgonen og gå på skulen, og det er du som må møte på jobb når du er ferdigutdanna. Då er det best at det er eit studie eller ein jobb som DU kan trivast i.

«Det er skummelt å skulle bestemme resten av livet no»

Vi som er unge i dag er privilegerte som veks opp i ei tid der det er fullt mogleg å ombestemme seg. Tidlegare var det slik at den retninga ein valde som ungdom, gjerne bestemte kva ein kom til å drive med resten av livet. Slik er det ikkje nødvendigvis i dag.

Det finst moglegheiter for omskulering, vidareutdanning og byte av studieretning. Difor er det ikkje krise å velje feil. Det er nemleg ikkje enkelt å vite kva som skjer, og det kjem for mange av oss til å vere ei blanding av tilfeldige hendingar og bevisste val som avgjer kvar vi endar opp. Truleg er det ikkje det slik som vi ser for oss no.

Dersom du er lite motivert, forvirra eller skulelei, er det mogleg å sjå seg rundt etter andre alternativ. Backpacking, jobbing, eit år på folkehøgskule eller i militæret, kan vere lærerikt på ein heilt annan måte enn det skulen er. Vi har ikkje dårleg tid, men vi har alle moglegheiter til å gjere akkurat det vi vil. Følg hjartet, bruk hovudet, ta den tida du treng og kos deg på ferda!

Les meir om yrkesval og studieval her!