Svensk forskar: Kjønnsnormer har skylda i at gutar heng etter på skulen
Svenske Fredrik Zimmerman meiner det er ein kultur i klasserommet som gjer at gutar presterer dårlegare enn jenter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heilt sidan slutten av 1990-talet har debatten om at guter heng etter jentene i utdanning fylt media, men det er lite einigheit om kvifor jenter gjer det betre.
I januar i år publiserte svenske Fredrik Zimmerman ei doktorgradsavhandling om temaet ved Gøteborg Universitetet. Han meiner at grunnen til at gutar fell frå, er fordi det er ein kultur blant gutane som gjer det vanskeleg å vise at dei vil gjere skulearbeid.
– Maskulinitet basert på normer som anti-skule- og uanstrengt prestasjonskultur hindrar gutar å gjere det bra på skulen, skriv Zimmerman.
Han følgde to niande-klassar frå ein skule der gutane presterte bra over tre månader. I tillegg gjorde han intervju med elevane.
- LES OGSÅ: 1.200 fleire søkte seg til yrkesfag
– Evna til å studere er kjønna
Zimmerman argumenterer for at til trass for at den dominerande studiekulturen i klassane han følgde ikkje var prega av anti-skule og uanstrengt prestasjonar som «maskulint», gjorde jentene det likevel betre.
– Det er fordi evna til å studere var kjønna. Så sjølv om gutane fekk «lov» til å studere like ambisiøst som jentene utan sosiale kostnadar (erta, mobba, fryst ut), hadde dei ikkje utvikla dei same evnene til å studere på grunn av sosiale forventningar, skriv Zimmerman.
– Med andre ord eksisterte parallelle og motstridande normer på skulen. Nokon normer «tillét» gutane å vere ambisiøse, medan andre normer «hindra» gutane å vere det.
Ikkje vere, men å bli
Zimmerman meiner det finst arbeidsmåtar som bidrar til at gutane kan akseptere å vere ambisiøse, og jobbe seriøst med skulearbeid utan å miste sosial status.
Lærarane snakka om studieteknikk som eit verktøy for å jobbe med skulearbeid, som gjorde at gutane såg på det å vere god på skulen var eit resultat av jobbing, og ikkje medfødt talent.
- LES OGSÅ: Kva skjedde med læregleda?
– Ofte seier gutar at dei er flinke i eit fag, medan jenter seier dei blir flinke. Generelt presterer elevar som har utgangspunkt at ein blir flink i noko, betre, seier Zimmerman i ei pressemelding.
På skulen Zimmerman gjorde forskinga si på, la læraren vekt på studieteknikk for å bli flink i eit fag. –Det var noko av grunnen til at det var meir akseptert for gutane å vere ambisiøse.
– Til og med jentene fortalte i intervjua at dei treivst betre på skulen når gutane var med på tankegangen om å bli flink, fortel Zimmerman.
– Arbeidsmarknaden har skylda
Harriet Bjerrum Nilsen, tidlegare professor ved Senter for Tverrfaglege kjønnsstudiar ved Universitetet i Oslo, har ein anna teori. Ho meiner at problemet litt i arbeidsmarknaden.
– Problemet er altså ikkje primært av vi har eit utdanningssystem som ikkje er tilpassa gutar, men at vi har eit kjønnsdelt arbeidsmarknad kor jenter søkjer seg til nokre yrke (som ofte krev noko høgskuleutdanning), medan gutar søkjer seg til andre (som ikkje krev det), skreiv ho i Aftenposten i fjor.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Behovet for sjukepleiarar kan bli dobla innan 2040