Behovet for sjukepleiarar kan bli dobla innan 2040

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2040 vil Noreg trenge mellom 167.000 og 224.000 sjukepleiarar, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) om rapporten Samfunnsøkonomisk analyse har gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Allereie hausten 2016 sa seks av ti kommunar at det er vanskeleg å få tak i sjukepleiarar, ifølgje arbeidsgjevarbarometeret frå kommuneorganisasjonen KS. I fjor viste barometeret at sjukepleiar var den yrkesgruppa det er vanskelegast å få tak i.

– Treng lønsløft

Leiar Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund (NSF) seier det er viktig å halde på kompetansen til sjukepleiarane.

– I dag utdannar vi to sjukepleiarar og får éin igjen. Det er ei sløsing vi ikkje kan fortsette med, seier By. Ho meiner løysinga for å bevare kompetansen er «eit lønnsløft som monnar» og at ressursane blir brukte på ein annan måte.

LES OGSÅ: Strengare krav for å bli sjukepleiar

– Styrkjar sjukepleiarutdanninga

Sveinung Stensland (H)

Høgres helsepolitiske talsmann Sveinung Stensland er ikkje overraska over det framtidige sjukepleiarbehovet.

– Regjeringa har difor vore opptatt av å styrkje sjukepleiarutdanninga, både når det gjeld kvalitet og talet på plassar, seier han, og påpeikar også at ikkje alle utfordringar kan løysast med meir lønn.

– Mange delar av offentleg sektor treng fagfolk. Derfor er det viktig at lønnsdanninga er ei sak mellom partane i arbeidslivet og ikkje blir avgjort politisk. (©NPK)