1.200 fleire søkte seg til yrkesfag
Det er i år nesten like mange søkarar til yrkesfag som til studieførebuande fag, viser søkartala til vidaregåande utdanning.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I år har 1.200 fleire elevar søkt seg til førsteåret på yrkesfag samanlikna med i fjor. Det er ein markant auke til fag i naturbruk, byggfag og helse- og oppvekstfag, opplyser Kunnskapsdepartementet.
For første gong får helse- og oppvekstfag flest søkarar. 4.300 elevar ønskte seg denne utdanningsretninga, opp 400 frå i fjor. Samstundes er det ein nedgang på søkarar til læreplass i teknikk og industriell produksjon.
- Les også: Endra yrkesval, fann lukka med plast
Følger tradisjonelle kjønnsmønster
Søkarane følger framleis tradisjonelle kjønnsmønster, men forskjellane er mindre innanfor kvinnedominerte utdanningsprogram som helse- og oppvekstfag og design og handverk.
Til saman er det i år 207.000 søkarar til vidaregåande opplæring i offentlege skular.