Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar måndag møtest arbeidssøknade i regionen for inspirasjon, motivasjon og nettverksbygging i Mulighetsbanken i Bergen. Mulighetsbanken er eit nyoppstarta prosjekt i regi av fleire instansar i Bergen og Hordaland, inkludert Tekna, NHO og Bergen næringsråd.

Måndag haldt Johanne Magnus (32) foredrag om si eiga erfaring med arbeidssøking, utplassering, skriving og psykisk sjukdom.

— Eg hugsar når eg fekk nøkkelkort med bilde på, kor stas det var. Når kollegaar spurde om råd, og når vi hadde morgonmøte og felleslunsj. Alle må ha noko å stå opp til om morgonen, sa Magnus til den fulle salen.

— Alle går gjennom kriser

Magnus har slite med psykisk sjukdom sidan tenåra. Ho har vore utplassert i bedrifter og har avklaringspengar frå Nav. Men det er skrivinga som er blitt hennar geskjeft. Etter at ho leverte bacheloroppgåve i teatervitskap fekk Magnus mellom anna jobbe som løna frilansjournalist for ei avis.

— For meg var dette eit bevis på at eg dugde. Skriving er min kanal til å kunne påverke. For mange ligg det eigenterapi i det å skrive, seier ho.

I ettertid har ho skrive både skjønnlitterære tekstar og fleire debattinnlegg til avisene. Magnus er open om at det å stå utanfor arbeidslivet har vore vanskeleg. Ho meiner at det er viktig å kunne skape fleire arbeidsplassar og meir tilrettelegging for dei med ulike utfordringar.

— Eg stiller ofte spørsmålet: Kva er det å vere frisk? Alle går gjennom kriser i livet. Det er mange haldningar der ute om at dersom du er sjuk så kan du korkje skrive eller gjere noko som helst. Det er også haldningar om latskap og at dei utan jobb ikkje prøver nok, fortel ho.

Johanne Magnus (32) frå Bergen er open om å stå utanfor arbeidslivet på grunn av psykisk sjukdom.

Fleire fellesskap

For Magnus er det viktig å presisere at alt arbeid treng ikkje å vere lønna.

— Vi fokuserer mykje på lønna arbeid. Du er ikkje eit ansvarleg menneske før du har 9-16-jobb, på ein måte. Men alle bidrar på sitt vis, meiner Magnus.

Å vere ein del av eit fellesskap på arbeidsplassen er viktig for dei fleste. Det å stå utanfor arbeidslivet kan derfor ofte opplevast som å stå utanfor fellesskapet. Særleg når dette blir formidla sterkt på sosiale medium.

Derfor ønsker Magnus seg fleire typar fellesskap og arenaar der folk som er i same situasjon kan møtest.

— Det er viktig å vite at ein aldri er åleine i situasjonen. Alle har ressursar. Vi treng fellesskapet, ikkje for at vi skal dyrke det å vere arbeidssøkar eller psykisk sjuk, men for å bryte tabuet og ta vekk skamma kring det.

Fleire unge uføre

Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at delen unge uføre stiger. Det er i år 13.399 personar mellom 20 og 29 år som er på uføretrygd. Det er ei dobling dei siste ni åra. 60 prosent av dei uføre i denne aldersgruppa har ein hovuddiagnose med psykisk sjukdom, skreiv VG i mai.

— Eg er takksam for avklaringspengane eg mottar frå Nav, sjølv om økonomien sjølvsagt er noko eg må tenke på. Berre det å ta bussen er dyrt. Det er mykje som er lagt opp til det å vere to, eller ein familie, seier Magnus.

Handtering av kriser

Kari Witsøe er dagleg leiar i Selvhjelp Norge, i distriktskontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane. Nasjonalt kompetansesenter for selvhjelp skal drive informasjonsarbeid og vere ein pådrivar og ressurs for sjølvhjelpsverktøy og sjølvhjelpsgrupper til dei som slit med ulike livsproblem.

Helsedirektoratet har det overordna ansvaret.

— Ikkje alt vi opplever, treng behandling. Noko er ein del av livet. Alle som har eit problem dei slit med, og som ønsker og treng å dele erfaringar med andre i liknande situasjon, til dømes det å vere utan arbeid, kan vere med i ei sjølvhjelpsgruppe, fortel Witsøe.

– Sjølvhjelpsgrupper skal vere ein arena der du tar tak i livet, og finn nye måtar og handtere kriser på, fortel Kari Witsøe. Foto: Elise Løvereide

— Samfunnet endrar seg

Det at mange, og særleg ungdom og unge vaksne, slit med psykiske vanskar, trur Witsøe handlar om samfunnsutviklinga og korleis den påverker oss som enkeltmenneske.

— Selvhjelp Norge arbeidar særleg med å nå ut med informasjon om dette til unge vaksne, og vi samarbeidar med ulike organisasjonar og instansar, slik at unge lettare finn meistringsverktøy, og kan delta i grupper.

— Fungerer sjølvhjelpsgrupper?

— Det har forsking vist. Ved å dele erfaringar, tankar og kjensler rundt eigen situasjon, ved å lytte til kvarandre, blir du betre kjend med deg sjølv, og korleis opplevingar påverker deg. Mange slit med skamkjensle over ikkje å få det til. Det gjer det lettare når du opplever at du ikkje er åleine om slike kjensler, om det å ha det vanskeleg.

Denne måndagen i Bergen kommune sine lokale får salen prøve seg i ulike sjølvhjelpsgrupper. På tampen av dagen har Johanne Magnus følgande råd:

— Finn ein aktivitet mens du ventar. Eg har hatt mine faste turar til svømmehallen i tillegg til det å skrive, seier ho.