Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdomsarbeidsløysa er eit alvorleg problem

– Vi har inntrykk av at fleire ungdommar slit med å komme inn på arbeidsmarknaden, fortel UngInfo-leiar Laila Erdal Aagesen ved UngOrg. Senteret hjelper unge å søkje jobb, både med det praktiske og med samtalar og kurs.

– Ungdom vi møter på senteret vårt fortel at dei har søkt svært mange jobbar utan hell, sjølv om vi ofte ser at dei har gjort det «riktige» innan jobbsøking – skrive ein god CV og søknad, gått innom jobben for å presentere seg for sjefen, brukt nettverket sitt for å finne jobbar.

Aagesen fortel også at fleire opplever å ikkje få svar på søknadane dei har levert.

– Å vere i ein jobbsøkarfase kan vere demotiverande, særleg for unge som ikkje endå har gjort seg positive erfaringar i arbeidslivet. Vi opplever at fleire og fleire arbeidsgivarar ikkje ein gong tek seg tid til å gi avslag. Å ikkje høyre noko blir ofte oppfatta som verre enn å få nei, seier Aagesen.

– Ikkje berekraftig

Miriam Jordal Sorø er fagleg ungdomssekretær i LO i Hordaland. Ho er uroa over ungdomsarbeidsløysa som Framtida.no har skrive om denne veka. Ungdom mellom 15 og 24 er den desidert største gruppa av arbeidslause både i Noreg og i resten av Europa.

– Dette er heilt klart eit alvorleg problem. Det er alvorleg for dei ungdommane som opplever å bli ståande utanfor, og det er ikkje berekraftig for samfunnet. Dette kan vi ikkje akseptere, seier ho.

– Kvifor slit unge med å kome seg inn på arbeidsmarknaden?

– Vi ser ei dreiing i arbeidslivet når det gjeld behovet for kompetanse. Før var det gjerne slik at både fagutdanning, universitetsutdanning og ufaglært arbeidskraft var høgt etterspurt. Medan etterspørselen etter profesjonsutdanning og annan høgare utdanning har auka, har den arbeidskrafta utan formell kompetanse blitt redusert kraftig. Ein heil generasjon blir ståande utanfor samfunnet, med livet på vent.

Miriam Sorø er fagleg ungdomssekretær i LO i Hordaland. Ho meiner at skattekutt ikkje vil hjelpe på arbeidsløysa i landet. Foto: Elise Løvereide

Fleire unge uføre

Sorø fortel at det er ein stor samanheng mellom deltaking i arbeidslivet og fysisk og mental helse. Folk som går ut i lang sjukemelding slit ofte med å kome seg tilbake i arbeid.

– Tal frå Nav syner at arbeidsløysa går ned, men vi veit at stadig fleire unge under 30 år blir uføretrygda. Då forsvinn dei frå statistikken. Men det betyr altså ikkje at dei er tilbake i jobb, seier Sorø.

Ho har fleire forslag til kva vi bør gjere for å endre situasjonen.

– Vi må utdanne folk i det som arbeidslivet har behov for. Vi må dimensjonere det yrkesfaglege opplæringsprogrammet til arbeidslivet sitt behov. Når tilbodet ikkje er tilpassa behovet, er resultatet at det ikkje finst læreplassar til lærlingar. Den same tilpassinga trengst blant universiteta og høgskulane. Det kan også vere lurt å skape betre kontakt mellom lærestadane og næringslivet, seier Sorø.

Dårlegare vilkår

LO sitt ungdomsarbeid går mellom anna ut på å bevisstgjere studentar, elevar og lærlingar på kva som møter dei i arbeidslivet. LO jobbar også med å organisere ungdom som er i arbeid. Det inneber å melde dei inn i fagforeningar og å representere ungdom sine interesser i arbeidslivet.

Landsorganisasjonen er imot oppmjukinga av arbeidsmiljølova som vi har sett dei siste åra. Sorø meiner at risikoen no ligg sterkt på arbeidstakarane.

– Det har utvikla seg ein trend der kontraktar kan vere utforma på grensa av kva som er lovleg. Frilansarar må jobbe mykje gratis, og det er meir bruk av mellombelse stillingar. Her kjem dei yngste verst ut, fordi dei må godta arbeidsvilkår som er mykje dårlegare enn det foreldra og besteforeldra hadde då dei byrja i arbeid.

– Skattekutt funkar ikkje

Den faglege ungdomssekretæren meiner at den løysinga regjeringa har lagt seg på ikkje fungerer. Skattekutt til dei rike vil ikkje skape fleire arbeidsplassar, fordi dei plasserer pengane i fond og aksjar og ikkje ut i samfunnet, meiner ho:

– Vi veit at dei fleste nye arbeidsplassane har kome i det offentlege, og ikkje i privat sektor. I form av byråkratar og kontortilsette. Offentleg sektor er viktig. Men det trengst nye arbeidsplassar også i privat sektor, og skattekutta har ikkje hatt nokon effekt.

Akkurat dette stadfestar ein rapport frå Statistisk Sentralbyrå frå 2008, og ein ny rapport frå 2016, den siste bestilt av Arbeiderpartiet. Rapporten synte at offentleg pengebruk var 70 gongar meir effektivt enn skattekutt.

– Dårlegare arbeidsmarknad og dårlegare vern for arbeidstakarar. Går begge delar ut over dei unge?

– Ja. Mange unge veit ikkje kva rettar dei har, eller dei aksepterer vilkåra for å få jobb. Det er vanskeleg å seie om arbeidsmarknaden tar seg opp att. Utan fast jobb kjem ikkje dei unge inn på bustadmarknaden, dei får ikkje oppleve det sosiale fellesskapet, eller den mestringskjensla det å ha ein jobb gir.

Prosjekt og tiltak mot ungdomsløyse

  • Prosjektet Orntli arbeid: Bergen kommune tilbyr arbeidspraksis for unge mellom 18 og 26 år som ikkje er i arbeid eller under utdanning. Nav, LO og NHO er også med på prosjektet.
  • Bydelar i Oslo har tiltak der sommarjobbar blir gitt til unge utan erfaring.
  • UngInfo er eit senter som tilbyr hjelp med jobbsøking. Senteret har ti tilgjengelege PC-ar, printar, scannar og konsulentar til å bistå.