Den tapte generasjonen?

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 30.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar at ungdomsarbeidsløyse fører til depresjon, kriminalitet og radikalisering

Å vere ung vaksen inneber mange utfordringar. Ein skal utdanne seg, finne arbeid og kome seg inn på bustadmarknaden. Dei fleste ønskjer å ha livet litt på plass før dei eventuelt stiftar familie, og særleg den økonomiske biten.

Utan fast inntekt er det vanskeleg å få bustadlån og generelt meir utfordrande å planleggje livet.

I 2015 skreiv Statistisk Sentralbyrå at talet på arbeidslause i Noreg auka med 31.000 det siste året. Det var det høgste talet på ti år, og arbeidsløysa råka særleg unge: Halvparten av dei nye arbeidslause var mellom 15 og 24 år.

I fjor tok arbeidsmarknaden seg opp att, men nedgangen i arbeidsløysa gjaldt hovudsakleg dei over 24 år. Alle kvartal dei siste åra viser at dei i aldersgruppa 15-24 er størst råka av arbeidsløyse. Stundom er løysa dobbelt så høg for denne aldersgruppa som han er for dei over 54 år.

Ungdomsarbeidsløysa er framleis eit problem i 2017.

Foto: Sinn Fein/Flickr.

Kriser verst for unge

Det kan vere mange grunner til at unge slit med å få jobb. Mangel på arbeidserfaring, nettverk eller utdanning kan slå negativt ut. Unge er sårbare under finanskriser og lågkonjunkturar. Nokre vel å flytte til andre land for å søkje lykka, medan andre vel å studere eller å halde fram med studia.

For dei som ikkje har høve til å flytte eller råd til å studere, kan livet bli vanskeleg. Særleg i land med mindre støtteordningar enn i Noreg.

— I mange EU-land er det høg arbeidsløyse. Det har stor samanheng med økonomien i landet. I Europa er dei referert til som den tapte generasjon – dei kjem seg ikkje fram. Om du er 17 år og landet ditt går på dunken, kan det hindre deg i å få jobb og dermed høvet for å skaffe bustad og familie, seier Inga Berntsen Rudi, læremiddelansvarleg for historie og samfunnsfag i NDLA.

— Dårlegare stillingsvern

I Italia er kvar tredje mellom 15 og 24 utan jobb, i Sverige er 23,9 prosent av unge arbeidslause og i Spania og Hellas er halvparten av alle arbeidssøkarar under 25. Sjølv om talet har gått noko ned dei siste åra, er det framleis 4,2 millionar arbeidslause personar mellom 15 og 24 år i EU-landa.

Med andre ord: Det har aldri vært så høg ungdomsarbeidsløyse i EU nokonsinne som det var etter finanskrisa i 2008.

Christer Hyggen er sosiolog og forskar II ved Høgskulen i Oslo og Akershus, og har forska på arbeidsløyse blant ungdom. Han fortel at unge er meir utsette for arbeidsløyse enn eldre mellom anna på grunn av dårlegare stillingsvern i nedbemanningsrundar. Både fordi dei har fleire mellombelse stillingar og fordi dei har lågare ansiennitet.

— Mange nyutdanna har dessutan ein periode der dei orienterer seg på arbeidsmarknaden og forsøker å matche med potensielle arbeidsgivarar. Det tar tid. I tillegg er det meir risikofylt å tilsette unge. CV-ane deira er kortare. Men sjølv om tala er dystre, så er ikkje unge ledige så lenge som det eldre arbeidslause er, seier Hyggen.

Fører til depresjon

Faren med den høge arbeidsløysa hjå ungdom er hovudsakeleg to ting. Den eine er depresjon. Vi veit at mellom 15 og 20 prosent av unge nordmenn har depressive symptom. Bruk av antidepressiva aukar og ein av fire jenter har psykiske problem, ifølge Bufdir.

— Det er uheldig at unge går ledige. For den unge er det katastrofalt om løysa blir langvarig. Det kan få konsekvensar i form av dårleg selvtillit og manglande tru på eigne evner. I tillegg får du ikkje brukt kunnskapen din, og både du og arbeidsgivarar kan frykte at kompetansen forvitrar, seier Hyggen.

Han understrekar at tryggleiksnettet for arbeidslause i Noreg er betre enn i mange andre land. Men i Noreg har vi ein kultur for å jobbe – det handlar om rutinar, tilhøyrsle, kjensle av å ha makt til å påverke.

— Det første folk spør om i Noreg, er: «Kva gjer du?», som betyr «kva jobbar du med?». Dei som hamnar utanfor føler ofte at det er deira skuld. Frustrasjonen går innover. Mens i andre land som er meir råka av finanskrisene, som i Spania, Irland og Hellas, går frustrasjonen utover.

Sosiolog og forskar ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Christer Hyggen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold / HiOA

Kriminalitet og radikalisering

Forskarar har diskutert moglegheita for at ungdomsarbeidsløyse fører til kriminalitet. Opptøyer og vald er ein måte å få ut frustrasjon på, og land som Spania og Hellas har hatt meir av dette enn Noreg.

— I land der det er skyhøg arbeidsløyse, skuldar ein i mindre grad på seg sjølv og i større grad på andre, anten det er bedrifter eller politikarar. Det kjem til uttrykk i form av opposisjon mot det etablerte. I den norske konteksten er det vanskeleg å vere utan arbeid, då ein legg skulda på seg sjølv og det er vanskeleg å finne fellesskap i utanforskapet, seier Hyggen.

— Kan ungdomsløyse skape radikalisering?

— Det har vore spekulert i dette, men omfanget er så lite at det ikkje er sikkert. Det er klart at vi er sosiale vesen og avhengige av tilhøyrsle. Om du hamnar utanfor på eit område, er det nærliggande å leite etter det andre stadar. Både for å finne meining, makt og tilhøyrsle, seier han, og legg til:

— Arbeidsløyse er nok ikkje den einaste faktoren til radikalisering, og det er ikkje godt å seie kva som kjem først. Ein kan ha fått radikale haldningar ved å ikkje finne seg til rette i skuleliv eller i arbeidsliv også.

Den største gruppa som er utan arbeid i Noreg er dei i aldersgruppa 15-24. Foto: Tax Credits/Flickr.

«Tapt generasjon»

Det var Ernest Hemningway som først skreiv om «den tapte generasjon» etter at mentoren hans ikkje fekk bilen sin riktig reparert. Dei som jobba på verkstaden, mellomkrigsungdommar som hadde vore i skyttergravene, var desillusjonerte og prega av krigen.

— Dei ungdommane kom aldri skikkeleg inn i vaksenlivet. «Den tapte generasjon» er eit brutalt uttrykk, men ein har sett tendensar til slike generasjonar seinare. Både i Sverige og Japan har forskarar funne at snittet av unge som vaks opp med finanskriser framleis hadde dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn generasjonane før og etter, heile 15-20 år seinare.

— Kan vi seie at vi har ein tapt generasjon i Noreg no?

— Det er feil uttrykk å bruke om norsk ungdom. Tilstanden liknar ikkje så veldig på den som eksisterte i mellomkrigstida. Finanskrisa i 2008 hadde små utslag på norsk økonomi, men det kan hende at uttrykket er meir dekkande for ungdommen i Spania, Irland og Hellas, seier forskaren.