— Unge som ikkje kjem inn på bustadmarknaden mens foreldregenerasjonen eig både ein, to og tre bustadar er døme på at ting ikkje er som dei skal, seier KrFU-leiaren Martine Tønnessen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vi veit at dei unge slit mest med arbeidsløyse i landet, at stadig fleire blir deprimerte og at talet på unge som blir uføretrygda er aukande. Den nye Nav-rapporten «Fattigdom og levekår i Norge» viser også at fattigdommen aukar, særleg blant unge vaksne og innvandrarar.
— Mangel på arbeid og låg inntekt gir helseutfordringar. Nasjonaløkonomisk er det uheldig og det påverkar liva til dei det gjeld, og mange sin barndom, seier Yngvar Åsholt i Nav til Klassekampen.
– Den ekte dessertgenerasjonen
Statsbudsjettet denne hausten synte som før at det løner seg å vere ein eldre mann. Forskjellane i alder har fått folk som valforskar Frank Aarebrot til å spørje om kvifor vi framleis har honnørrabattar.
– Dei rike pensjonistane skyv minstepensjonistar framfor seg, sa Aarebrot til Framtida i 2011. I same intervju fortel den no avdøde forskaren og statsvitaren at eldre og pensjonistar er meir egoistiske enn ungdomsgenerasjonen, særleg når det gjeld kva saker dei står for.
Ungdommar har alltid sette eldresaker på topp tre, medan dei eldre bryr seg mindre med saker som gjeld ungdom, hevda han.
– Dagens ungdom har mykje større problem både med å koma inn på bustadmarknaden og i arbeidslivet enn det pensjonistane i dag nokon gong har hatt. Den verkelege dessertgenerasjonen i Noreg er jo dei som kom inn i yrkeslivet i 1946 og 1947.
Klima, skule, eldreomsorg og innvandring
Valforskar Julie Ane Odegaard trur dei fleste er opptekne av eigne preferansar i eit val, uansett alder.
– Men kva er ei typisk ungdomssak? Dersom vi ser på skuleval-undersøkingane i 2015, svarer over 70 prosent at klima- og miljø er viktig for dei. I tillegg er ungdommane opptekne av eldreomsorg, skulepolitikk og innvandringspolitikk, fortel Odegaard, og legg til:
– Eg veit ikkje om eldre veljarar er mindre opptekne av desse sakene, eg veit berre at ungdom er opptekne av dei. På mange måtar er jo unge like varierte som eldre i sine preferansar.
Hytte nummer to?
Martine Tønnesen, nyvalt leiar i KrFU, meiner at å snakke om ein generasjonskrig når det gjeld ressursar og interesser, er å ta litt hardt i. Men ho støttar politikk som utjemnar forskjellar mellom generasjonane.
– Unge som ikkje kjem inn på bustadmarknaden mens foreldregenerasjonen eig både ein, to og tre bustadar er døme på at ting ikkje er som dei skal. Difor vil vi jamne ut forskjellane. Det er også viktig å sjå heilskapen, med ulike tiltak for unge og gamle, meiner ho.
Det viktigaste meiner ho er å sjå kven som treng det mest, uavhengig av generasjon.
– Fordi eldre og yngre ofte har ulike meiningar og interessefelt, er det viktig at begge grupper er representerte i politikken.
– Kva meiner KrFU om pensjonsordningar som AFP? Skal gunstige pensjonsordningar framleis gjelde for dagens eldre når unge berre kan drøyme om å pensjonere seg innan dei er 67 år?
– Vi må sikre eit berekraftig pensjonssystem over tid, og då må vi ta høgde for at vi blir friskare og lever lenger. Det må vere lønsamt for folk å stå i arbeid så lenge som mogleg, slik at vi ikkje går glipp av viktig arbeidskraft. Dette krev både tilpassing frå arbeidsgivar og vilje frå dei eldre. Derfor vil vi auke pensjonsalderen.
Honnørrabatt?
Tønnessen fortel at det er store forskjellar mellom inntekta til eldre, og at det derfor er vanskeleg å seie kven som treng goder som honnørrabatt. For ungdomspartiet er det dei svakaste i samfunnet som bør bli prioritert av velferdsstaten, uavhengig av alder.
Då Framtida viser til at dei rikaste på skattelistene er dei eldre, svarer Tønnessen at det ofte er naturlege grunnar til det.
– Generelt har dei hatt lenger tid til å spare opp midlar, dei har betalt ned lån på hus og hytte og har ikkje lenger barn å forsørge. Nokre har arva, andre har jobba seg til rikdom. Problemet oppstår når forskjellane mellom unge og eldre blir altfor store, meiner KrFU-leiaren.
Låg valdeltaking
Når unge går lenge utan arbeid, mistar mange tillita til det politiske systemet. Det gjer at dei i mindre grad røystar ved val. I vestlege representative demokratier er valdeltakinga synkande, og særleg blant unge.
– Ein motivasjon for å røyste kan vere plikt for å oppretthalde det demokratiske systemet. Dersom du opplever sviktande tillit til politikarar, kan dette overførast til heile systemet. Låg valdeltaking signaliserer at systemet ikkje fungerer, seier Odegaard, og held fram:
– Trua på at du kan gjere ein forskjell, men kanskje også meistring gjennom arbeid, får fleire til å røyste.
Martine Tønnessen trur det er viktig for unge å få sleppe til.
– Det er annleis for meg å vere ung i 2017 enn det var for bestemor eller mamma. Det er heller ikkje slik at alle unge er opptekne av akkurat det same. Vi som er unge må engasjere oss og bidra, og dei eldre må sleppe oss til og høyre på våre synspunkt. Då får vi samarbeid på tvers av generasjonane, seier KrFU-leiaren.
- LES OGSÅ: Martine Tønnesen ny KrFU-leiar