– Dramatisk å fjerna sidemålskarakter, seier leiaren i Noregs Mållag.

mm
Faktaboks

Utdanningsdirektoratet vil revidera lærelanen i norsk, og sett ned eit

Sjå Utdanningsdirektoratet sine framlegg til endringar i norskfaget!


LES FAKTALUKK FAKTA

– Framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å fjerne eigen karakter i sidemål er ei dramatisk svekking av sidemålsopplæringa. Å svekkje sidemålsopplæringa er både ei svekking av norskfaget og av nynorsk som offisielt språk. Jamstellinga mellom nynorsk og bokmål er i fare dersom det ikkje er eigen karakter i båe målformene, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

LES OGSÅ: Vil ha mindre satsing på nynorsk

Han meiner det er avgjerande for å ta vare på språkrettane til nynorskbrukarane at bokmålsmajoriteten i Noreg får skriftleg opplæring i mindretalsspråket nynorsk.

Fryktar nedbygging
Nynorsk er i dag fyrstespråket til om lag ein halv million menneske. Nynorsken vert brukt av institusjonar og folk i alle delar av samfunnet. Nynorsken overlever ikkje som nasjonalt bruksspråk med mindre fleirtalet er viljug til å lære seg språket. Difor er ordningar som senkar krava til nynorskkunnskap, ikkje anna enn nedbygging av nynorsken, ifølgje Mållaget.

– Noregs Mållag er svært glad for at alle skal lese fleire nynorske tekstar gjennom heile utdanningsløpet. Mållaget er òg glad for at departementet no vil sjå særleg på utfordringane for elevar med nynorsk som hovudmål.

LESARBREV: "Nynorsk er noe dritt"

– Når kunnskapsminister Kristin Halvorsen skal ta stilling til spørsmåla frå Utdanningsdirektoratet etter høyringsrunden, må ho slå fast at elevane skal ha ein eigen karakter i sidemål, standpunktkarakter eller obligatorisk eksamen, og at ho held fast på målsetnaden om å styrkje nynorskopplæringa i skulen i tråd med programma til SV, Senterpartiet og Arbeiderpartiet, seier Håvard B. Øvregård i ei pressemelding.

Bryt partiprogrammet
Alle dei tre regjeringspartia har programfesta at dei skal halda på og styrkja sidemålet i norskundervisinga.

"Likestilling mellom målformene nynorsk og bokmål er eit viktig prinsipp som må gjelde for alle område i det moderne medie– og teknologisamfunnet vårt. SV vil arbeide for fleire nynorskbøker for førskuleborn og fleire gode norske dataspel for born med norsk språk og innhald. SV vil styrkje nynorskopplæringa både som hovud– og sidemål." heiter det i arbeidsprogrammet til Sosialistisk Venstreparti.

LES OGSÅ: Norsktimar utanom det vanlege

I dag er det berre Høgre og Framstegspartiet som har programfesta valfritt sidemål i skulen.

– Dei som jobbar med norskfaget i skulen ser at ein ikkje blir dårlegare i hovudmål av å lære sidemål, men tvert imot. At ein kan styrkja hovudmål ved å nedprioritere sidemålet, har ingen bakgrunn i forsking. Dette er ein myte som er skapt av Unge Høgre og FrpU på jakt etter stemmer. Dei har til og med klart å lure SV-ministeren, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, til ABC Nyheter.

Korleis meiner du norskfaget kan bli betre? Skriv i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE