Norsktimar utanom det vanlege

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets nynorsk- video!

90 elevar, tre norsklærarar og fire medielærarar ved Elvebakken videregående skole midt i Oslo har hatt nynorsk på timeplanen. Alle laga sin eigen grammatikk, i tillegg fekk dei boltra seg med brettspel, plakatar, musikk og animasjonar på nynorsk.

Ole Kristian Beil og kompisane Ole Haug, Erlend Tro Klette, Adrian Refsnes og Boye Krillo Andersson fann på å laga ein nynorsk-rap på video.

– Det vart ei lita utfordring i og med at eg ikkje brukar nynorsk til vanleg. Alle som var med på å laga filmen har bokmål som hovudmål, fortel han.

Effektiv måte å læra på
– Eg er synst denne måten å lære på er veldig morosam og effektiv. Du slepp unna pugging å nedgraving i ord og grammatikk, så for oss som går på medialinja, er dette veldig effektivt med tverfagelig prosjekt fordi vi interesserer oss innan media, skriv han i ei melding på Facebook til Framtida.no.

– Eg har ikkje noko spesielt tilhøve til nynorsk sånn elles, men det er jo viktig å halde på den norske kulturen, såg kva er ikkje betre enn ein rap for å få det ut til ungdomen? spør han.

Are Kalvø kom
Rapen vart premiert, og er allereie spela av på Språkteigen i radioen. Brettspelet ”Hjelp meg over Aasen” stakk av med 1. prisen. Kvart gruppemedlem bak kvart av dei tre vinnarbidraga fekk ei signert utgåve av den siste boka til Are Kalvø. Han var sjølv til stades og kåserte.

LES DEI SISTE KOMMENTARANE TIL ARE KALVØ!

– Det vart produsert mykje flott. Brettspela vart til dømes særs gode læringsverktøy, òg etter nybyrjarstadiet. Det same vart minigrammatikkane. Karakterane til elevane steig markant i nynorsktesten veka etter innlevering. Vi kjem nok til å gjenta dette til neste år. Vellukka! skriv Line Ellingsen på lærarforumet Del og bruk.

Sjå fleire tips i Lærarrommet!