Politikk og samfunn

«Udir sitt forslag til nye fråværsreglar er rotete og dårleg»

– Hadde valet stått mellom ungdomspolitikk og skule – om engasjement og utdanning – hadde eg nok valt utdanning, skriv Andrine Hanssen-Seppola, leiar i Senterungdommen. Ho ber regjeringa om å kome med betre fråværsreglar enn Solberg-regjeringa og Utdanningsdirektoratet.

Andrine Hanssen-Seppola (21)
Leiar i Senterungdommen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Udir sitt forslag til nye fråværsreglar hadde gjort det nær umogleg å halde på med ungdomspolitikk for elevar på vidaregåande. Dei ti dagane med godkjent politisk fråvær er svært viktig for engasjert ungdom, og høvet til å dokumentere fråvær og få det fjerna frå fråværsprosenten er avgjerande for endå fleire.

Eg var sjølv engasjert i Senterungdommen gjennom alle dei tre åra mine på vidaregåande. Frå mars til juni i 2022, fungerte eg som ungdomspartileiar samtidig som eg fullførte vidaregåande i Tromsø. Det gjekk fint, sjølv om det vart lange dagar, seine kveldar og skuleoppgåver gjorde på flyet mellom Tromsø og Oslo. Det gjekk fint, fordi lærarane mine fekk høvet til å vise skjønn og opplevde både at eg stilte opp der eg måtte, og der eg kunne – men samstundes viste forståing for at eg no tok ei vakt for demokratiet vårt.

Hadde valet stått mellom ungdomspolitikk og skule – om engasjement og utdanning – så hadde eg nok valt utdanning.

I dag er utdanning så grunnleggjande for å ha framtida og jobbmoglegheiter at til og med noko så viktig som samfunnsengasjement hadde mått vike.

quote-left

Hadde valet stått mellom ungdomspolitikk og skule – om engasjement og utdanning – så hadde eg nok valt utdanning

quote-right

Men for meg er det eit hypotetisk spørsmål. For engasjert ungdom i dag er det realiteten viss Udir får viljen sin.

Det skal Senterungdommen kjempe for at ikkje skjer. 

Engasjementet og ungdomspolitikken har gitt meg erfaringar eg aldri ville vore forutan. Det veit eg gjeld svært mange norske ungdommar.

Ingen norske elevar skal vere bekymra for at engasjementet deira øydelegg for skulegangen, verken no eller i framtida. Det taper nemleg heile samfunnet og folkestyret vårt på.

Udir sitt forslag til nye fråværsreglar er rotete og dårleg. Det kviler eit stort ansvar på skuldrene til regjeringa no – for no må tilliten til elevane gjenreisast, og vi må sørgje for føreseielegheit for elevar, lærarar og skular.

Det aller viktigaste, som bør liggje til grunn for ei ny fråværsgrense, er at kompetansen i faget – som elevar viser gjennom å ha tilstrekkeleg med vurderingsgrunnlag – til sjuande og sist skal avgjere om ein har karaktergrunnlag. Om du som elev har 11 eller 16 prosent fråvær, men har vore til stades på alle vurderingar og har karakterar – så er det noko grunnleggjande feil med systemet viss ein likevel skal få «Ikkje vurdert – IV» og i verste fall ende opp utan vitnemål.

Det er urettferdig for kvar enkelt elev, og det får konsekvensar for samfunnet viss vi ikkje har ei fråværsordning som hjelper unge å gjennomføre – heller enn å hindre dei gjennom rigide reglar.

Det er rett å ha ei fråværsgrense på vidaregåande. Den skal fungere slik at skulen har høvet til å hjelpe dei som treng det før ein fell utanfor, men ikkje straffe dei som allereie slit.

quote-left

Udir sitt forslag til nye fråværsreglar er rotete og dårleg

quote-right

Derfor bør det framleis vere eit skilje mellom gyldig og ugyldig fråvær, og det bør innførast ei eigenmeldingsordning som viser tillit og som gjer at fastlegane kan bruke litt mindre tid på å skrive papirlappar til forkjølte elevar – og litt meir tid på å gi helsehjelp til dei som treng det.

Ei anna svakheit med fråværsgrensa til høgresida er at ikkje all køyreopplæring og oppkøyring er godkjend fråvær – Senterungdommen vil endre dette.

Eg er glad for at Udir ikkje bestemmer over fråværsreglane for vidaregåande skular, det er det nemleg regjeringa som gjer.

Elevane fortener føreseielegheit, og dei fortener ei ordning som viser tillit – og at dei framleis kan engasjere seg medan dei går på skulen.

Senterungdommen forventar at regjeringa tek ansvar, og lagar eit fråværsreglement som er rettferdig og kan stå seg over tid.

Les deg opp på debatten om fråværsreglar: