Identitet

Skrivekonkurransebidrag: Ei dialektreise og ordet «ho»

Før eg rakk å lære å snakke, budde vi i Sør-Noreg att. Her seier dei hu og ikkje ho, skriv Eivor Unn Torsdatter. I denne skrivekonkurranseteksten svarer ho på oppgåva «Skriv om eit dialektord, nyord eller slanguttrykk».

Eivor Unn Torsdatter
Publisert

Denne teksta får heiderleg omtale av juryen i Framtida.no, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse «Språket mitt».

Mora mi seier ho.

Viss ho skulle sagt det som er mest vanleg her vi bur, så skulle ho nok heller sagt hu. Bygda mi ligg på grensa mellom Vestfold og Telemark. Frå verandaen ser vi til Grenland, og der seier dei ho. Men det er ikkje derfor mora mi seier ho. I alle fall har ho sjølv ei anna forklaring.

Ho seier at pronomenet på eit vis heng igjen frå den tida ho lærte å snakke. Då budde ho ikkje her, men langt oppe i nord. Ein stad som heiter Lyngen. Etter alt å døma skal ho også ha sagt eg og ikkje jeg den gongen. Ja, ho hadde noko i retning av den same dialekten som dei framleis snakkar der. Men ein dag skulle dei flytte sørover att. Sidan far og mor hennar, ja, storebroren også, ikkje snakka nordnorsk, var det vanskeleg for mora mi å halde på dialekta. Til meg har ho fortalt at ho blei kalla same. Og på veg til skulen var det ungar som gjekk bak henne og joika. Mora mi likte joik, men samtidig forstod ho at denne typen joik ikkje var godt meint. No skulle ho vise dei, tenkte ho kanskje.

Mora mi er sånn. Når noko står i vegen, så gjer ho seg berre større. Denne gongen snakka ho meir nordlending og tok på seg samehua, som eigentleg berre var kjøpt inn til pynt. Mora mi klampa inn på skulen i mora sine skinnsko. Det er ein type sko som samar bruker. Ikkje var det sole i dei heller. Som samar gjer, hadde også mora mi stappa skoa med tørt gras. Det er typisk mora mi.

Men så gjekk ho lei. Dei vaksne spurde om ho ikkje kunne seie noko, for det var så vakkert å høyre på dialekta hennar. Men dei jamaldrande sa ho skulle halde kjeft. Dei skjønte jo ikkje kva ho sa likevel. Då dei skulle starte med nynorsk, var det ein som sa at det var jo ikkje noko problem for mora mi, for ho var jo frå den staden.

Kva for ein stad? svara mora mi då.

– Nynorskstaden vel! lydde det frå ein pult lenger bak i klasserommet.

Først då skjønte mora mi for alvor at dei andre ikkje skjønte nokon ting. Ho tenkte det om læraren også og tok rektor med i dragsuget. Dei skjønte ingenting! Heller ikkje Ivar Aasen hadde skjønt noko, meinte ho. Han hadde jo ikkje teke seg bryet med å reise lenger nord enn Tromsø. Nei, mora mi var ikkje imponert. Mora mi let seg sjeldan imponere.

Eg veit ikkje kvifor. Kanskje fordi ho sjølv strekkjer seg så langt. Ho reiser langt også.

Men dialekta har ho ikkje klart å halde på. Diverre, ville eg nok sagt. Mora mi ville kledd den dialekta. Eg veit at ho forsøkte alt for å gje syster mi og meg det same talemålet. Då syster mi skulle bli fødd, flytta mora og faren min nordover. Og ganske riktig, syster mi lærte å snakke der. Ho lærte seg å seie ho. Det same skulle skje med meg. Men då blei mora mi sjuk. Før eg rakk å lære å snakke, budde vi i Sør-Noreg att. Her seier dei hu og ikkje ho.

Når dei skal forklare kven det er snakk om, så seier dei hennær.

I Oslo seier dei hun. Ein gong høyrde eg nokon seie:

– Eg skal sende det til hun.

Er det berre eg, eller blir det litt feil? Er dei meir late i hovudstaden, kanskje, og orkar ikkje bruke rette pronomen? Eg likar ikkje å seie det, men eg har budd her nesten heile livet mitt no. Liksom eit plaster på såret reiser vi kvar sommar nordover. Der besøker vi vener og går tur i fjellet. Kvar gong tenkjer eg at eg skal ta dialekta tilbake. Men det går liksom ikkje. Ho festa seg ikkje godt nok på dei seks månadene eg budde der. Samstundes klarar eg ikkje heilt å snakke slik dei gjer her. Eg får meg ikkje til å seie hu og heller ikkje hennær. Eg får meg ikkje til å seie vårs i staden for oss. Men eg kan heller ikkje snakke som dei gjer i Oslo. Viss eg til dømes skal selje noko på Tise og sende det til ho som vil kjøpe det, då kan eg ikkje seie at eg skal sende det til hun. Eg må seie henne. Viss ikkje får eg vondt i hovudet.

Eg seier ikkje det same som dei som bur i Oslo. Eg snakkar ikkje som dei gjer der eg vart fødd. Eg snakkar ikkje som dei gjer her eg er vaksen opp heller. Eg snakkar ikkje som mora mi. Og godt er det. Eg vil jo ikkje vera som henne! Men ein ting er eg litt misunneleg på. Og det er det runde ordet hennar. Som om ho har spart på det frå nord. Som ein liten røyndom.

Mora mi seier ho.