«Kommentarfelta på TikTok, Facebook og andre sosiale medium har blitt ei slagmark»
– Kanskje ei Bank-ID-verifisering bør innførast for å ansvarleggjere brukarar?, spør Victoria Andal.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Meiningsinnlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Kommentarfelta på TikTok, Facebook og andre sosiale medium har blitt ei slagmark.
Hets, trugsmål og trakassering florerer – og det er ikkje berre ungdom som står bak. Vaksne menneske, som burde vite betre, deltek aktivt i denne kulturen.
Spyr ut hat mot enkeltpersonar
Vi har kanskje kome langt i kampen mot tradisjonell mobbing, men sanninga er at mobbarane har funne nye arenaer der dei kan halde fram, ofte utan konsekvensar.
Bak anonyme profilar spyr dei ut hat mot enkeltpersonar som vågar å bruke stemma si.
Konsekvensane av dette er alvorlege. Nokon vil kanskje hevde at «ord berre er ord», men realiteten er at slike ytringar kan drive menneske inn i depresjon, angst og i verste fall sjølvmord.
Eit tragisk døme på dette er historia om Peder Angel, ein av mange som mista livet etter omfattande netthets.
Kor er samfunnet når dette får skje? Kor er dei vaksne, politikarane, og plattformene som tillèt dette å halde fram?
Vaksne er ofte dei verste
Det er lett å tru at det er ungdom som dominerer dette giftige miljøet på nett, men sanninga er at vaksne ofte er dei verste.
Kva slags førebilete er vi når godt vaksne menneske oppfører seg som dei verste mobbarane? Når hat blir spreidd frå foreldre, besteforeldre, og folk i ansvarsroller – kva lærer vi då dei unge?
Eg vart nyleg vitne til eit skremmande døme på dette. To venninner laga ein TikTok-video utanfor eit partikontor. Kommentarfeltet var sjokkerande. Blant dei filtrerte kommentarane fann vi hets, trugsmål, oppfordringar til valdtekt og transfobiske ytringar.
Mange av dei kom frå unge menneske.
Eg ville ha skamma meg
Korleis har vi kome hit? Korleis kan vi godta eit samfunn der dette skjer?
Facebook er ikkje betre. Politikarar, influensarar og offentleg tilsette blir trakasserte av vaksne menneske med fullt namn og profilbilete. Hadde nokon i familien min skrive den typen hatytringar, ville eg ha ringt den trakasserte og sagt unnskyld på deira vegner – eg ville ha skamma meg.
Vi må byrje å halde kvarandre ansvarlege.
Kan miste nettet som ei demokratisk plattform
Ei mogleg løysing kan vere å avgrense anonymiteten på nett. Kanskje ei Bank-ID-verifisering bør innførast for å ansvarleggjere brukarar? Politiet må også styrkje nærværet sitt på nettet, slik at trugsmål og alvorlege former for netthets blir handterte med ein gong.
Vi står i ei tid der vi stadig diskuterer grensene mellom ytringsfridom og hatprat. Ytringsfridom er ikkje ein fridom til å true eller trakassere.
Om vi ikkje tar ansvar – som enkeltpersonar, som samfunn og gjennom lovgjeving – vil vi miste potensialet til nettet som ei demokratisk plattform for meiningsutveksling.
Internett kom kanskje for tidleg for den eldre garden, men ansvaret for å skape eit trygt digitalt miljø kviler på oss alle – uansett alder.
Det er på tide å ta grep.