Ønskjer satsing på skulehelsa

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er vanskeleg å sei at heile skulehelsetenesta ligg bakpå, for det er ikkje likt på alle skular. Men der det er dårleg, er det merkbart dårlegare trivsel, seier Tomas Håndlykken (17) nestleiar i Elevrådet ved Volda Vidaregåande Skule. Han er også medlem i Ulstein Ungdomsråd, og tok før helga til orde for ei styrking av skulehelsetenesta.

– Om ein elev føler han er trygg i skulekvardagen, og får hjelp med til dømes overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande, vil han bli mykje tryggare på seg sjølv både i klasserommet og i friminutta. Det kan vera vanskeleg å komma til ein heilt ny skule med få du kjenner frå før, men du får i det minste eit støtteapparat rundt deg du veit fungerer.

LES OGSÅ: – Eg kan ikkje få til absolutt alt

Fleire helsesøstre, fleire psykologar
Håndlykken har eit klart bilete av kva han ønskjer å sjå på skulane.

– Ei skulehelseteneste som har tilgang på skulepsykolog, ei helsesøster og ein rådgivar. Rådgivaren vil gi råd om overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande, valfag med meir, så du får best mogleg utgangspunkt for vgs-opplæringa. Helsesøster bør vera tilgjengeleg for spørsmål om graviditet, seksualitet med meir, og psykologen kan hjelpa dei som slit med ulike psykiske lidingar, som depresjon eller sakn.

Han vil sjå ei helsesøster og ein psykolog i full stilling per 150 elevar på skulen – i dag er standarden til Helsedirektoratet ei helsesøster i 35 prosent stilling per 100 elevar, som tilsvarar ei helsesøster i full stilling per 300 elevar.

Han føyer seg inn i ei stor gruppe som trekk fram eit aukande problem blant unge – stress, forventingspress og umoglege kroppsideal. Med seg har han mellom anna Elevorganisasjonen, og påtroppande leiar Kristoffer Hansen.

– Det me ser i dag er at det er for få ressurspersonar i skulen. Ein ting er lærarar fordelt på elevar, men det handlar òg om å få andre yrkesgrupper inn i skulen til å ta vare på eleven. Fleire helsesøstrer, skulepsykologar som eit lågterskeltilbod, slik at alle skal ha det bra, sa Hansen til Framtida.no under ei markering arrangert av Røde Kors Ungdom sist veke.

EmilAndreErstadAV

– Det er likegyldig om norske elevar er verdas beste i matte, om dei ikkje orkar å stå opp om morgonen, seier Emil André Erstad. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: – Det viktigaste ein kan gi ungdom

– Likegyldig om norske elevar er best i matte
Leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), Emil André Erstad, sluttar seg til.

– Eg meiner det er likegyldig om norske elevar er verdas beste i matte, om dei ikkje orkar å stå opp om morgonen. Difor vil me innføra livsmeistring som eit eige tema i skulen, når mange slit med å takla livet med så mykje stress. Det, saman med fleire helsesøstrer og kampen mot mobbing er alle ting me må ta med i kampen for betre psykisk helse for unge, seier Erstad.

LES OGSÅ: Hoppar over frukosten for sminken

Eit skjult behov
Dagens tilbod er for dårleg og for lite synleg mange stader, meiner Tomas Håndlykken.

– Eg har snakka med mange elevar på fleire ulike skular, og eg får mange spørsmål om kva skulehelsetenesta i det heile er. Veldig mange spør også om dette er noko dei har på skulen sin. Eg trur behovet til visa seg når tilbodet blir betre og meir synleg.

Han understrekar at tilbodet varierer frå skule til skule, og at det er bra mange stader. Han trekk mellom anna fram sin eigen skule i Volda som eit godt døme. Ofte sit skulane derimot berre med det som kunne blitt eit godt tilbod.

– Eg trur skulehelsetenesta ligg bakpå fordi dei ikkje vil ta tak i desse problemstillingane. Her på skulen går alle til helsesøster første året, for å svara på spørsmål om til dømes rus og problem i heimen. Det er eit godt utgangspunkt for eit system som vil fungera, men du går inn til ein person du ikkje har noko forhold til utanom at dei er tilsett ved skulen. Derfor trur eg ein skulepsykolog vil fungera betre – ein som er utdanna til å ta opp akkurat desse problema, og kan jobba for å førebygga psykiske lidingar. Det vil ha ein markant effekt på trivselen, seier Håndlykken.

LES OGSÅ: Eg er evig takksam for veggen som traff meg midt i trynet

77 millionar i Oslo
Ei undersøking gjort blant norske lærarar i 2014 utført av NIFU for Utdanningsdirektoratet konkluderer med at lærarane ønskjer det same – ei styrka skulehelseteneste. Likevel var det få av lærarane som opplevde at skulen faktisk gjorde noko med problemet.

Men det kan vera opent for ei betring, i alle fall i Oslo – gjennom eit usannsynleg samarbeid mellom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet.

Dei to partia som til vanleg står på kvar si side i saker har gått saman i Oslo for å få fleire helsesøstrer, og har no fått 77 millionar frå Oslo byråd til å skaffa fleire psykologar og helsesøstrer i Oslo-skulen, skriv NRK. Det kostar mykje å skaffa eit ordentleg tilbod.

– Skulehelsetenesta i Oslo har store manglar i dag og det er for få helsesøstrer. Norsk Sjukepleiarforbund har sagt at dei ønskjer seg ei dobling, no innfører me meir enn det, seier Aina Stenersen (FrP) til NRK.

Det må understrekast at løyvinga av slike midlar blir bestemt av lokalpolitikken, men mykje midlar kjem og frå toppen. I fjor haust lova Bent Høie 200 millionar kroner til å styrka skulehelsetenesta i heile landet.

LES OGSÅ: Høie: 200 millionar til skulehelsetenesta