– Eg er evig takksam for veggen som traff meg midt i trynet

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Glad ho møtte veggen

Dette innlegget vart posta av Ingeborg Sol Fure på Facebook, me har fått lov til å publisera det hos oss.

Etter månader med hjertebank, nattesvette, søvnproblem, oversenibilitet, angstanfall og synsforstyrringar klarte ikkje kroppen min meir og smertene slo ut i alle muskler og ledd. Eg vart fysisk sjuk. Eg kunne ikkje røre meg utan smerter.

LES OGSÅ: Fotballkarrieren enda med sjølvmordsforsøk

Dei varierte i styrke og innimellom var dei til å leve med. Andre dager så sterke at eg sov heile dagen. Eg grein mykje og skjønte ikkje kva som var gale, legen fann ingen feil. Eg var overtydd på at eg hadde fått ME og såg for meg eit liv lenka til senga i eit mørkt og lydisolert rom. Det var ikkje dette eg ville!! Eg ville ha mitt aktive liv attende!!

Litt etter litt skjøna eg at venar og familie delvis hadde venta på smellen. Dei åtvara meg mange gonger om at eg måtte roe ned og ikkje ha 12 ballar i lufta samtidig, men eg følte eg meistra det, og eg elska å ha det travelt – springe frå det eine til det andre.

Og det gjekk heilt fint. I 5 år.

LES OGSÅ: Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar

Kroppen min gav meg 1000 signal på at eg måtte roe ned. Men eg lytta ikkje. Eg kunne dette, eg ville dette og MÅTTE dette! Eg hadde mål og ambisjonar og eg ville nå dei! Kvile kunne eg gjere når eg fekk tid. Men det var sjeldan. Det tok meg eit halvt år å stable meg nokon lunde på beina att. Såpass at eg hadde overskot til å trene litt i tillegg til jobb.

Eg har pressa meg, men veldig forsiktig og utan mål eller krav. Eg har lytta og kjent etter. Om det er viljen eller kroppen som seier nei. Kroppen min snakkar til meg på ein anna måte no enn før eg vart sjuk, eller så er det berre eg som lyttar meir. Eg er evig takksam for veggen som traff meg midt i trynet for 11 månader sidan. Eg er GLAD eg vart sjuk!

For no lyttar eg. Eg prioriterer, eliminerer og tek lettare på ting. Livet skal ikkje vere ein kamp mot klokka, mot krav og mot mål. Livet skal være ein leik i kontraster, og eg skal lære og reflektere, vokse og utvikle meg – men det skal være på kroppen min sine premisser, ikkje på egoet mitt sine.

LES OGSÅ: Desse ga mest kroppspress i 2014

Mange vil kjenne seg attende i det eg skriv her. Vi set uhorveleg store krav til oss sjølve, som vi føler vi er nøydd å nå viss vi skal vere gode nok. Vi overkompenserer for dårleg sjølvbilde – og vil ikkje innrømme det, vi kamuflere det med "ambisjonar". Din største konkurrent er ikkje dei andre, det er deg sjølv.

Det er DU som vil dette, som ønskjer å nå lenger, bli betre, prestere meir. Din største fiende er difor dine eigne krav til kva du ønskjer å vere.

Å finne balanse er ikkje lett, det krev at du har tid til overs. Til å puste, reflektere, kjede deg litt og til å faktisk ha eit val. Om du vil ligge på sofaen og ete snop, eller om du vil trene. Du er ikkje mislykka om du VEL det første, du er menneskeleg!

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp!

Det er mulig eg angrar på at eg poster dette, men for augneblinken kjenner eg at det er rett. Fordi eg har snakka med andre som har møtt veggen og leitar etter ei diagnose. Diagnosen er ikkje at du er svak. Den er at du har vore sterk alt for lenge og pressa deg for hardt. La kropp og sinn kvile. Ta eit FRIÅR i staden for Helvetesåret som alle andre snakkar om.

KOS deg! Drikk vin på ein onsdag! La klevasken ligge i maskina og vask den på nytt etter 2 dagar! Gje litt faen og gjer som DU vil, ikkje det du trur kravst av deg. Lær deg noko nytt! Og ver så snill: gå på ein yogatime og oppdag at du kan elske deg sjølv NETT slik du er i dag!!!

LES OGSÅ: Springerinne til hjelp