– Det viktigaste ein kan gi ungdom
Oda Faremo Lindholm vil at skulane skal læra ungdom opp til å avsløra bullshit.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvifor har ein fjerdedel av alle jenter depressive symptom?
– Ungdom har aldri vore meir veltilpassa i samfunnet enn i dag. Likevel er det fleire og fleire som slit med angst, stress og ei kjensle av tomheit, seier Oda Faremo Lindholm (26) – forfattaren bak den kritikarroste Bullshitfilteret.
– Kvifor er det slik at jenter bruker meir tid framfor spegelen enn til lesing og lekser? spør ho.
Forfattaren trur det er noko med samfunnet som unge veks opp i.
– Det er eit jag etter perfeksjon. Anten det gjeld trening, skjønnheit eller garderobe – det er dei ytre faktorane som har mest å seia. Det gjeld òg gutar. Eteforstyrringar er eit aukande problem blant gutar også.
– Unge har internalisert ungdomsopprøret i seg sjølv. Det kan bli veldig farleg om ein gjer opprør mot seg sjølv.
LES OGSÅ: Meir stress, mindre rus
Filteret
– Kvifor ser nettavisene og reklamane ut slik som dei gjer? Det handlar om å tena pengar, seier Oda Faremo Lindholm.
Ho meiner det er eit enormt generasjonsgap når det gjeld kva mediekvardag dagens ungdom møter.
– Bloggarane av i dag, er så mykje nærmare oss enn Hollywoodstjernene var tidlegare. Referanserammene er så vanvitig mykje nærmare, og det gjer det lettare for oss å samanlikna oss med dei.
Sist veke var Oda Faremo Lindholm på Høgskolen Stord/Haugesund og snakka om boka si på Samtidsdagane. Der fekk ho blant anna spørsmål om kva ho meiner om folk som viser fram mindre perfekte kroppar som motsvar til fotballfruer og andre som står fram med photoshoppa kroppar på bloggane sine.
– Eg tenker nok at me har sett nok kropp. Me treng ikkje sjå fleire strekkmerker. Kroppen er mindre viktig.
Ho oppmodar folk til å vera gode forbilde.
– Ver medviten på kva du legg ut.
LES OGSÅ: Vil ha kritisk tenking inn skulen
Skulen er viktig
– Det viktigaste ein kan gi ungdom, er eit bullshitfilter mot media og populærkulturen, anten det er snakk om moteblad, aviser, reklame, bloggar eller sosiale medium.
– Dersom du lærer deg å avsløra bullshit rundt deg, vil du vera mykje meir førebudd i møte med alt det usanne.
Oda Faremo Lindholm er opptatt av at skulen skal sørgja for å gjera elevane i stand til sjå bak fasadane.
– Ein må ha gode rollemodellar. Elles blir det større forskjellar på folk, alt etter kva utdanning og bakgrunn foreldra til ungdommane har.
Ho synest forslaget til KrFU om å få livsmeistring inn i skulener eit godt tiltak.
Rigmor Aufles er elev ved Bømlo vidaregåande skule og gjekk bort til Oda Faremo Lindholm etter føredraget.– Dette trengst så sinnsjukt i skulen. I dag høyrer me nesten ingenting om det i skulen. Ein bør ta opp kva som er normalt. Det som er normalt er at folk er forskjellige, understrekar ho og får støtte frå medelev Aurora Hakersrud.
– Det burde bli eige fag i skulen, seier ho.
LES OGSÅ: Kven har laga årets verste reklame?