Hoppar over frukosten for sminken

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det som knuser jenter

– Livet er definitivt på sitt verste når ein er 15 år, seier post-doktor Sanna Sarromaa.

I forskinga si har ho vore med 20 tenåringsjenter i kvardagen – på vegen til skulen, til hobbyane, til kjøpesenteret og heim igjen. Målet var å kartlegga kor mykje tid dei brukar på utsjånaden, og kva som var utsjånadsideala for unge jenter. Er samfunnet så seksualisert og utsjånadsfiksert som me trur?

Jentene Sanna møtte fekk i alle fall kjenna på kroppspresset. Fleire jenter sto opp grytidleg og hoppa over frukosten for å sminka seg.

– Eg rekk ikkje alltid å eta, fordi det tek så lang tid å sminka seg. Då blir mamma litt seint, sa ein av jentene i prosjektet.

LES OGSÅ: Desse ga mest kroppspress i 2014

Råskapen på Facebook
– Det er vanskeleg å sei kva som skapar kroppspresset, men det er klart at verda har blitt meir visuell og råare med Facebook og Instagram. Tenåringar er heile tida utsett for andre sine likes. Ei ung jente sa til meg at om ho ikkje får over 70 likes på profilbiletet på Facebook, så slettar ho biletet, seier Sanna Sarromaa.

Ho møtte jentene i 2013, men livet har ikkje blitt enklare i 2015. Kroppspresset lever godt, og no rasar debatten om dyre vesker som har blitt ein nødvendig del av eit enno strengare skjønnheitsideal.

LES OGSÅ: – Det viktigaste ein kan gi ungdom

Velstand og luksusproblem
– Dei fleste tenåringar lever i ein enorm rikdom. Dei har, sjølv som tenåringar, råd til svindyre skjønnheitsbehandlingar, vesker til 9000 kroner, og meir. Velstanden gjer at ein får luksusproblem, til dømes «er låra mine tjukke?», seier Sanna Sarromaa.

Tenåringsjenter har bytta ut den billige skulesekken med dyre designvesker til mange tusen kroner. Er det jåleri, er dei bortskjemde – eller må det vera lov å gå med den veska ein vil – eller rettare sagt den veska foreldra har råd til?

I det siste ligg ein av hovudgrunnane til at dei dyre designveskene har fått så mykje debatt – dei som ikkje har råd til dyre vesker hamnar utanfor, og blir sett ned på.

Slik er det òg med dei som ikkje lever opp til presset om den perfekte utsjånaden.

LES OGSÅ: No er dei lei av sex-reklamar

Pressaren blir pressa
Bloggaren og ernæringsfysiologen Tine Rotevatn kasta seg nyleg inn i debatten, etter at det storma rundt kjendisbloggarar som Fotballfrue og Ida Wulff som retusjerte bileta sine for å sjå meir perfekte ut.

Ho hadde vore på eit foredrag med nettopp Sanna Sarromaa om arbeidet ho hadde gjort, og lòt seg engasjera i dette blogginnlegget.

– Resultatet av bloggarane si retusjering er jo berre enno større kroppspress, også for dei sjølve. Kan dei ikkje sjå det? Det er jo dei sjølve som set standarden, skriv Rotevatn engasjert.

Ho spør seg sjølv om kvifor ho skal bry seg, og kjem med svar.

– Fordi eg bryr meg om alle som slit på grunn av dette fiksjonstyranniet! Dessutan er eg livredd for at dei trur dei skal få siste ordet i denne diskusjonen, skriv Rotevatn.

LES OGSÅ: Klitoris er toppen av eit isfjell

Eit prosjekt
For jentene Sanna Sarromaa møtte var ikkje sminking og pynting på morgonen ei lett rutine – det var ein jobb, eit prosjekt.

– Det er jo på ein måte visittkortet mitt. Det første inntrykket eg gir når eg går ut og møter nokon, seier ein av jentene Sarromaa snakka med.

– Eg tenkjer at dette er eit prosjekt. Eg må gjera lekser – eitt prosjekt. Eg må gå på skulen – eitt prosjekt. Eg må sminka meg – eitt prosjekt. Eg må ta vare på vetlesøstera mi – eitt prosjekt. Livet består av mange prosjekt. Å sminka seg er ikkje det tyngste, seier ei anna jente på 16.

At prosjektet i det minste er viktig for jentene, kan ein sjå igjen i tala frå Sarromaa sitt arbeid. Dei 20 jentene hadde i snitt 29 ulike skjønnheitsprodukt – den som hadde mest hadde 62. Jentene brukte mellom 30 og 60 minutt kvar morgon på å gjera seg klar – derfor hoppar dei av og til over frukosten.

LES OGSÅ: Frosen – farleg for menn?

Til Sanna (15)
Sarromaa kjenner seg igjen i nokon av dagens problem.

– Som 15-åring hadde eg sjølv spiseforstyrringar etter ein barndom som feit unge. Eg sleit med eting og trening, samstundes som eg var råflink på skulen og gjennomførte gymnaset på eitt år.

Til tenåringsjentene i dag – og seg sjølv på den alderen – har ho eit råd

– Til Sanna på 15 hadde eg spelt Colbie Caillat si låt «Try»og sagt at det går over.

Då Colbie Caillat kom med låta «Try» i fjor haust, var ho open om kva songen handla om – seg sjølv og usikkerheita, problem med sjølvtillit og å ikkje vera perfekt.

Både songen og musikkvideoen vart godt tatt imot – musikkvideoen viser ei gruppe jenter og damer med og utan sminke, og sette fingeren på mykje av den same problematikken som Sarromaa fekk oppleva i arbeidet sitt.

Så – her er tipset Sanna gir til tenåringsjenter i dag:

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp!