– Eg kan ikkje få til absolutt alt

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdom bryt saman av presset

Det kan vera ordentleg kjipt å vera ung i dag. 1 av 3 mellom 13 og 17 føler ofte at livet er slitsamt, og jentene blir ekstra hardt råka.

Det skulle Røde Kors Ungdom gjera noko med – og inviterte til ein pustepause på Grünerløkka i Oslo tysdag formiddag.

LES OGSÅ: Hoppar over frukosten for sminken

Ungdommane Jon Edvin (17), Johanne (16), Andrea (17), Emma (16), Petter (16) og Christoffer (16) frå Elvebakken Vidaregåande skule tok ein pause på Olaf Ryes plass i Oslo. Dei fekk høyra mykje frå ungdomspartia og organisasjonane som bekrefta det dei allereie visste – det er mykje press retta mot unge.

– Eg kjenner på presset til å vera perfekt. Du skal vera flink i så mykje, ha tid til å trena, vera sprek, god på skulen, helst ha mange vener og å ha tid til familien. Mykje skal ta tiden din, og ofte blir ein berre sliten, så ingenting fungerer. Du berre sluttar med det du skal gjera, og orkar ingenting, seier Johanne.

– Eg driv mykje med idrett, og trenar så og seia kvar dag. Det å få tid til å øva til prøver og å gjera lekser er vanskeleg, eg får sjeldan tid til alt, legg Emma til.

– Kva gjer du for å takla presset?

– Eg prøver å ikkje tenkja så mykje på korleis andre kjem til å gjera det på ein prøve. Eg tenkjer berre på å gjera det beste eg kan, så er det godt nok. Det er ikkje så nøye med den seksaren.

– Det er meir eit tidspress enn eit personleg press, skyt Christoffer Kahrs inn.

– Du rekk ikkje å gjera alt du skal gjera, men eg kjenner ikkje på det som eit særleg stressmoment.

– Får du tatt pausar?

– Ja, det handlar om prioriteringar. Ofte prioriterer eg ein pause over andre gjeremål.

– Kva gjer du for å ta ein pause?

– Om sommaren hoppar eg i alle fall på trampoline, svarar Christoffer.

LES OGSÅ: Desse ga mest kroppspress i 2014

AndreaSjovollPresspause

– Kroppspress er kanskje det mest tydelege ein kan sjå rundt seg, med uoppnåelege ideal, seier Andrea Sjøvoll, leiar i Press. Foto: Anders Veberg

Mange typar press
Representantar frå ungdomspartia var også til stades, saman med leiarane av fleire organisasjonar som jobbar for ungdom.

Blant dei var Andrea Sjøvoll, leiar for Redd Barna sin ungdomsorganisasjon, Press.

– Eg er her fordi Press og Røde Kors Ungdom deler den same bodskapen, om at me må få ned presset mot dagens ungdom, om korleis ein skal sjå ut, oppføra seg – absolutt alt.

Sjøvoll heldt ein appell for dei frammøtte – der trakk ho mellom anna fram kroppspresset unge får konstant kasta i ansiktet.

– Er kroppspresset det tyngste?

– Eg trur det er ulikt for mange unge, fordi unge er så ulike. Men kroppspress er kanskje det mest tydelege ein kan sjå rundt seg, med uoppnåelege ideal.

Sjøvoll har fleire forslag til kva som kan gjerast for å løysa press-problema. Mellom anna ønskjer ho at retusjert reklame skal merkast, og at fleire skal ta unge på alvor.

Dessutan må skuletenesta styrkast. I det får ho støtte frå fleire, mellom anna Kristoffer Hansen, nyvald leiar i Elevorganisasjonen.

– Det me ser i dag er at det er for få ressurspersonar i skulen. Ein ting er lærarar fordelt på elevar, men det handlar òg om å få andre yrkesgrupper inn i skulen til å ta vare på eleven. Fleire helsesøstrer, skulepsykologar som eit lågterskeltilbod, slik at alle skal ha det bra.

Kva kan kva enkelt gjera?

– Eg trur elevane må passa på kvarandre. Ein må ikkje alltid ha konkurranse med sidemannen om å gjera det best, ein må vera obs på eiga helse og medelevane sine, seier Hansen.

LES OGSÅ: – Det viktigaste ein kan gi ungdom

– Mange grunnar til å vera her
Ungdomspartia var også representert, mellom anna talsperson for Grøn Ungdom, Lage Nøst.

– Det er mange grunnar til å vera her i da. Ein av dei er at det er fint vêr, og at det er godt å ta ein pust i bakken. Det andre er at me ser at samfunnet går fortare – me produserer meir, blir meir effektive, og ungdom blir meir stressa og sjukare enn før. Me tenkjer at det er godt for sjela å skru ned tempoet litt, og me må prøva å bygga eit arbeidsliv og ein skulekvardag som gjer at folk kan pusta ut og nyta våren av og til, ikkje berre tenkja på kva ein skal gjera i framtida.

Han får støtte frå Tord Hustveit, leiar i Unge Venstre.

– Nokon sa vel ein gong at først skulle du gå på skule for å førebu deg på livet, så skulle du flytta ut og nyta livet før du vart vaksen. I dag skal du først vera ung og lovande, så berre lovande, så er du for gamal. Eg tykkjer det er symptomatisk for samfunnet, at me får stadig dårlegare tid, både på skulen og i samfunnet elles. Det er viktig å stoppa opp og ta ein pause, så eg tykkjer dette initiativet er veldig bra.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

EspenBPresspause

– Som leiar i ein stor ungdomsorganisasjon føler eg at mange har forventingar til meg, og eg lærer at eg ikkje kan få til absolutt alt. Heldigvis har eg mange rundt meg som kan bidra, og det er slik me må tenka, seier Espen André Breivik, leiar i Røde Kors Ungdom. Foto: Anders Veberg

Redd for eit kaldare samfunn
Leiar for Røde Kors Ungdom, Espen André Breivik, smilte etter arrangementet var over. Men han var meir alvorleg når han snakka om kor viktig det er med ein pause.

– Ungdom i dag opplever eit auka press og eit jag etter eit perfekt liv som ingen kan oppnå. Dei blir i verste fall sjuke. Me er opptekne av medvit på alle måtar, og er redde for at presset skapar eit kaldare samfunn. Har du ikkje aksept for deg sjølv klarar du heller ikkje å ha aksept for andre.

– Kjenner du sjølv på presset?

– Absolutt. Eg slit ikkje nødvendigvis, og det har vore ekstra fint med å jobba med denne kampanjen. No merkar eg at eg snakkar høgare om presset, og at me kan akseptera at ingen er perfekte. Det har hjulpe meg, fortel Breivik.

– Som leiar i ein stor ungdomsorganisasjon føler eg at mange har forventingar til meg, og eg lærer at eg ikkje kan få til absolutt alt. Heldigvis har eg mange rundt meg som kan bidra, og det er slik me må tenka. Nokon er flinke til nokre ting , men ingen er perfekte på alle område. Det må me setja pris på.

LES OGSÅ: – Eg var sjukeleg overvektig

Faktaboks

Røde Kors Ungdom (RKU) samla ungdomsorganisasjonar og ungdomsparti, samt tilfeldig frammøtt ungdom, til ein pustepause tysdag formiddag.

Pustepausen var ein del av kampanjen PRESS PAUSE, som RKU arrangerer for å få meir fokus på press mot ungdom.

Tal frå Ungdata 2013 syner at 1 av 3 unge mellom 13 og 17 år er plaga av uro i kvardagen og har kjensla av at «alt er slit».

Jenter er ekstra hardt råka – tre gonger så mange jenter slit med psykiske helseplager, ifølgje NRK.