Siger til nynorsken i skulen
Kunnskapsdepartementet løyver 55 millionar til digitale læremiddel på båe målformer i skulen. Det er dei glade for i Noregs Mållag, som meiner situasjonen til no har vore uhaldbar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lovar digitale læremiddel på nynorsk
Det har lenge vore vanskeleg for lærarar å finna gode digitale verktøy på nynorsk. På landsmøtet tidlegare i år starta Noregs Mållag kampanjen «Oppdater!» for å sikra at nynorskelevane får dei digitale læremidla dei har krav på.
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner vitja landsmøtet og lova å sjå nærmare på kva som kan gjerast for at digitale læremiddel blir tilgjengelege på båe målformer.
Les også: Gloppen krev digitale læremiddel på nynorsk
Som sagt, så gjort
No løyver Kunnskapsdepartementet 55 millionar til utvikling av nye digitale læremiddel i skulen. Dette er ein pott som både forlag og andre læremiddelprodusentar kan søkja på.
Alle desse læremidla skal vera tilgjengelege på både nynorsk og bokmål, skriv departementet i ei pressemelding som gjekk ut i går.
– Noregs Mållag er svært glad for at Kunnskapsdepartementet no presiserer at dei 55 millionane dei løyver til digitale læremiddel, skal gå til å utvikle læremiddel i parallellutgåver på bokmål og nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn.
Les også: Digitale hjelpemiddel kan hindre læring
Påtrengjande bokmål
Noregs Mållag er uroa for at mange klasserom i nynorskområde fløymer over av digitale læremiddel på bokmål, fordi tilgangen på nynorsktilbod er for dårleg. Dei skildrar situasjonen som uhaldbar.
– Læremiddel på hovudmål er ein rett, påpeikar Aasbrenn.
Han meiner det er særs viktig at digitale læremiddel kjem i nynorskutgåver, sidan nynorskelevane ser mindre av målforma si rundt seg enn bokmålselevane gjer.
Skulen skal få nye læreplanar hausten 2020, og regjeringa fornyar læremidla i same jafs.
Les også: SV krev fleire tiltak for digitale læremiddel på nynorsk
– Meir enn tekst på skjerm
Men digital dugleik handlar ikkje berre om å vera god i Word.
– Digitale læremiddel må vera meir enn «tekst på skjerm», understrekar statssekretær i Kunnskapsdepartementet Rikke Høistad Sjøberg.
Ho seier me kan sjå for oss eit læremiddel i det tverrfaglege temaet «Folkehelse og livsmeistring» som stiller elevane overfor dilemma og ulike utfordringar i livet.
Les også: Fleire eldre speler dataspel
Pengedryss til programmering òg
I tillegg til dei 55 millionane løyver regjeringa 15 millionar til utstyr for programmering i skulen.
Mange lærarar er svære på å koda, men vantar dei naudsynte midla til å læra det bort.
– Det er viktig at elevane så raskt som mogleg får glede av kompetansen lærarane tileignar seg gjennom etter- og vidareutdanning, seier Sjøberg.
Les også: EU vil bli digitalt verdspoliti
Desse faga kjem Kunnskapsdepartementet til å prioritera
- Samfunnsfag
(1.-4. årstrinn) - Matematikk
(1.-4. årstrinn) - Norsk
(grunnskule og vidaregåande nivå, yrkesfag, studieførebuande og påbygging til generell studiekompetanse) - Kunst og handverk/Duodji
(5.-7. årstrinn) - Musikk
(8.- 10. årstrinn)