Sanner vil sjå nærmare på digitale læremiddel på nynorsk

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) lovar å sjå nærmare på kva som kan gjerast for at digitale læremiddel blir tilgjengelege på nynorsk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Titusenvis av nynorskbrukande elevar i dag manglar digitale læremiddel på sitt eige språk, sa leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn til Nynorsk pressekontor (NPK) torsdag.

Fredag utfordra landsmøtet til Noregs Mållag kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) på dette. Sanner heldt hovudtalen på landsmøtet i Noregs Mållag, men allereie i forkant varsla han at departementet vil sjå nærmare på saka.

– Arbeidet vårt for kvalitet, mangfald og innovasjon i digitale læremiddel skal sjølvsagt også koma elevar med nynorsk som hovudmål til gode, skriv kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) i ein e-post til NPK.

Behov for oppfølging

– Reglane er like for analoge og digitale læremiddel, og det er det viktig at skulane og skuleeigarane er klar over. Marknaden for læremiddel har forandra seg og mange nye aktørar og nye typar læremiddel har kome til. Det gjer at vi må sjå nærare på korleis vi kan bidra til at fleire læremiddel og læringsressursar kan bli tilgjengelege på nynorsk, skriv Sanner vidare.

Han seier at departementet også vil arbeida for dette i kontakten med forlaga i samband med fornyinga av læreplanane som skal ta til å gjelda frå 2020.

Vil betra informasjonen til kommunane

Han seier vidare at departementet også vil vurdera korleis informasjonen til kommunar og fylkeskommunar om lovkravet kan bli betre.

Opplæringslova slår fast at alle elevar har rett til opplæring på si eiga målform. I ein rapport Noregs Mållag har fått utarbeidd, kom det fram at mange skular og skuleeigarar ikkje tenkjer på same måten om digitale læringsressursar som tradisjonelle læremiddel – sjølv om Opplæringslova seier klart at lova er den same for digitale læremiddel.

Mållagsleiaren meiner derimot forskrifta til Opplæringslova i dag er for vag på dette området. (©NPK)

LES SAKA: Vil ha ny opplæringslov for å sikre nynorskelevane