EU vil bli digitalt verdspoliti

EU vil lage standardar for internett, men nettbruken er svært ulik i dei ulike medlemsstatane.

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den digitale verda er ei stadig viktigare del av livet til dei fleste i dag. EU tar no initiativ til å utarbeida endå fleire reglar for nettet.

– Vi er Europa, vi må setje globale standardar, seier Věra Jourová, EU-kommisær for justis-, forbrukar- og likestillingsspørsmål til Politico.

EU ekspanderar allereie digitale reglar for personvern og regulerer det som kan bli publisert på nett, men jobbar for å gjere endå meir, som rekordbota på 2.4 milliardar euro til Google for brot på oppdaterte EU-lover om anti-monopolisering er eit døme på. EU krev at selskap som Google, Apple, Amazon, Facebook med fleire legg til rette for at andre kan operere i normal konkurranse med dei på nettet.

– Digitale platformar vert meir og meir viktige i den offentlege debatten, hevdar Stefan Heumann, direktør for Stiftung Neue Verantwortung, ei tankesmie i Berlin som fokuserer på digitale saker. – Nokon må lage reglane, legg han til.

LES OGSÅ: Du finn alt på internett

Store skilnadar

Det er store skilnadar i bruk av internett mellom dei ulike landa i Unionen. I Sverige, Danmark, Norge, Luxembourg, Nederland, Tyskland og UK shoppa om lag 8 av 10 på internett, Frankrike og Finland 7 av 10. I Romania og Bulgaria er talet nede i 1 av 8 i land. Store land som Italia og Spania er òg langt under gjennomsnittet, med 3 av 10 og 4 av 10.

Samstundes har 9 av 10 (eller fleire, Norge har til dømes 98 prosent) tilgang til internett i statar som Sverige, Danmark, Finland, Norge, Nederland, Luxembourg, Belgia, Tyskland , Storbritania og Frankrike, medan i statar som Portugal, Italia, Hellas, Bulgaria og Romania er det mindre enn 7 av 10 som har slik tilgang. Minst 3 av 10 har altså ikkje tilgang til internett i det heile i dei sistnemnde statane.

Det er òg sosiale forskjellar i nettbruk; eldre og arbeidsledige bruker nettet sjeldnare.

LES OGSÅ: Over 3 milliardar brukar sosiale medium

Ulike kostnader

Når det gjeld kostnadane for internett, synt gjennom kor mykje kvar hushaldning faktisk brukar av det dei tener på internett, er det òg store skilnader.

Tabell: Eurostat.

I statar som Ungarn og Bulgaria brukar kvar hushaldning nær 8 prosent av inntekta si på å vere på nett, andre (som Hellas, Tsjekkia, Slovakia, Spania) ligg rett bak dette.

Samstundes brukar borgarar av Litauen, Tyskland, Frankrike, Italia, Skandinavia, UK, Estland, Danmark og Austerrike om lag 1 prosent eller mindre av inntekta på dette.

Felles politikk aukar skilnadane

Økonomiske skilnadar mellom ulike delar av kontinentet, noko som har vorte veldig synleg etter krisa i 2008, ser ut til å verte sterkare av ein felles digitaliseringspolitikk. Det kostar valdsame summar å byggje ut breiband og mobile nettverk, noko som allereie for det meste ligg klart i dei nordlege medlemsstatane.

Det er òg i dag langt enklare å skaffe økonomisk støtte, både frå det offentlege og frå private individ, til å skipa nye teknologi-bedrifter i Helsingfors, Stockholm og Berlin enn det er i Sofia, Madrid og Athen, ettersom så få brukar nettet i dei sistnemnde byane.

Å diktere kva som er lov og kva som er forbode å gjere på nett i EU kan òg gjere det svært vanskeleg å argumentere mot Kina, Russland og andre som lagar sine eigne versjonar av/lover for internett i landet sitt, hevdar mellom anna Mark Scott frå Politico.

Rumensk perspektiv

Framtida.no spurde rumenske Andrei Gheorghe Ionescu, 27 år gammal historiestudent frå Bucuresti, kvifor rumenarar ikkje handlar på nett:

– Mange har lite kunnskap om databruk generelt. Onkelen og tanta mi er middelklasse, har hatt internett heim i åtte år, men dei kjøper aldri noko over nett. Eg måtte hjelpe dei å setje opp ein paypal-konto, men dei er ikkje dumme, dei berre veit ikkje korleis ein gjer det.

– Ja, svært få rumenarar brukar eBay eller Amazon, det er sant. Men eg kjenner mange som til dømes bestiller alkohol frå bemag. Alle manga-teikneseriar i Romania må kjøpast over nett, og desse er populære hjå ungar no om dagen (dei som har råd, dei aller fleste rumenarar tener 200-400 euro i månaden).

Ionescu vedgår at det er mange rumenske nettbutikkar, men dei fleste brukar nettsida for å finne den fysiske butikken slik at dei kan gå dit og kjøpe produkta dei vil ha sjølv.

– Den dårlege kundehandsaminga er sannsynlegvis òg ei god årsak, Cargus, eit av hovudselskapa som leverer pakkar i landet, er kjend for å levere seint og ofte miste pakkar i posten, avsluttar Ionescu.

LES OGSÅ: Distrikta heng etter i utbygginga av fiberbreiband

Kjelder:

https://ec.europa.eu/digital-single-market/en/news/mobile-broadband-prices-europe-2016

Individuals – internet use (2017)