Kreativ Aktiv Norsk Dataungdom er ikkje redd for at fleire eldre gamerar vil gjera det ukult å spela.

mm
Faktaboks

Så mange mellom 9 og 79 år spelte digitale spel ein gjennomsnittsdag i 2016:

Agder/Rogaland: 38 %
Austlandet elles: 36 %
Trøndelag: 36 %
Vestlandet: 35 %
Oslo/Akershus: 32 %
Nord-Noreg: 32 %

Så mykje tid brukte dei som spelte digitale spel ein gjennomsnittsdag i 2016:

Vestlandet: 78 min
Oslo/Akershus: 78 min
Nord-Noreg: 75 min
Agder/Rogaland: 72 min
Austlandet elles: 70 min
Trøndelag: 59 min

LES FAKTALUKK FAKTA

Over ein tredjedel av oss nordmenn spelte digitale spel ein gjennomsnittsdag i 2016, ifølgje nye tal frå Norsk mediebarometer.

I aldersgruppa 9–12 år var det 83 prosent som spelte ein vanleg dag i fjor.

LES OGSÅ: – Skytespel er bra for hjernen

– Flott
Barn og unge bruker i gjennomsnitt om lag éin time på dette per dag. Gutane bruker éin og ein halv time kvar dag, medan jentene bruker cirka ein halvtime om dagen.

– Det synest eg er flott. Gjennom spela får ein fortalt historier, og ein får utfordringar ein må løyse, fortel Fredrik Vaaheim.

Han er generalsekretær i Kreativ Aktiv Norsk Dataungdom, og var med på å arrangera The Gathering i Vikingskipet i påsken.

Det er særleg smarttelefon som blir til brukt digitale spel.

LES OGSÅ: – Krigsbrotsverk i dataspel bør straffast

Fleire eldre spelar
Også fleire eldre bruker tid på dataspel. Heile 13 prosent av dei mellom 67 og 79 år bruker no jamleg å spela digitale spel.

– Det er positivt, og spennande at eldre òg bruker digitale spel.

– Er du redd for at ungdom ikkje vil synast det er så kult å spela data når fleire eldre speler?

– Nei, eg vil ikkje tru det. Eg hugsa at eg spelte dataspel med far min då eg var barn, og syntest det var stas, fortel Fredrik Vaaheim til Framtida.no.

LES OGSÅ: Dataspel blir ny medaljeøving i Asialeikane

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE