Vil ha mindre rapporterings- og testkrav i skulen

Ap, Sp og SV ber regjeringa om ei tillitsreform i skulen. Dei meiner politikarar og skulemyndigheiter i mykje større grad må halde fingrane unna klasseromma

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit felles representantforslag på Stortinget ber dei tre partia regjeringa gjennomføre totalt sju tiltak for å gi lærarane meir tillit og olbogerom. Å redusere omfanget av rapportering og dokumentasjonskrav og gjennomgå heile regimet for testing og vurdering av kvalitet er blant dei viktigaste krava.

– Elevane treng lærarar som har tid og kunnskap til å følgje dei skikkeleg opp, og lærarane treng tid og tillit til å gjere jobben. Då må vi sørgje for mindre detaljstyring og unødvendig rapportering. Det er dette ei tillitsreform handlar om, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB.

For mykje handlar om å måle plass på rankingar

– Vi er i ferd med å få ein byråkratisert skule der altfor mykje handlar om å måle kva plass ein har på rankingar nasjonalt og internasjonalt. Her må det ei betydeleg endring til, seier Marit Arnstad, utdanningspolitisk talsperson i Sp.

For å dempe testfokuset ber dei tre partia regjeringa blant anna sørgje for at tilsettingskontraktar for skuleleiarar og rektorar ikkje skal innehalde detaljerte målkrav til elevresultat. Partia vil også ha ein gjennomgang av vurderingssystemet vi har i dag, med eksamenar og standpunktvurderingar, for å vurdere om det gir påliteleg og relevant nok informasjon om kompetansen til elevane.

Ifølgje forskarar er eksamenssystemet urettferdig, dyrt og tidkrevjande, skriv Dagsavisen.