Ekspertar: Eksamensordninga i vidaregåande skule er upåliteleg
Eksamensordninga i den norske vidaregåande skulen er dyr og upåliteleg, meiner fleire ekspertar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi veit at eksamensordninga i dag har reell systemveikskap med stor fare for at det blir gjort feilvurderingar, seier Gustaf B. Skar, førsteamanuensis i norsk ved institutt for lærarutdanning ved NTNU, til Dagsavisen.
Skar får støtte av lektor Liv Cathrine Krogh på Horten vidaregåande skule, som har skrive masteroppgåve om kvaliteten på karaktergjevinga basert på avgangseksamen i norsk skriftleg våren 2015. Ved kreative langsvarsoppgåver oppdaga ho at i 20 prosent av tilfella skilde det minst to karakterar i vurderingane frå dei to sensorane.
– Marginane er små og konkurransen tøff for opptak til høgare utdanning. Då er det viktig at vi veit at elevane får ei rettferdig sluttvurdering, seier ho til avisa.
Også Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved UiO, er einig og seier eksamensvurderinga i norske skular er like upåliteleg som den var på midten av 90-talet. Pedagogikkprofessor Sten Runar Ludvigsen ved UiO, som leidde det regjeringsutnemnde Ludvigsen-utvalet som skulle gi anbefalingar om skulen i framtida, meiner regjeringa svikta i 2016.
– I kjølvatnet av vår anbefaling har ikkje regjeringa vurdert denne problemstillinga som viktig nok til å jobbe vidare med, seier Ludvigsen. (©NPK)